Lakseburger med coleslawdressing

DSC_0259 2

Lakseburger er ein spennande og smakfull måte å få både store og små til å spise meir fisk i kvardagen. Denne varianten er asiatiskinspirert og har mykje god smak.

Det å bytte ut kjøtet med fisk i ein burger gjer at du trygt kan inkludere burgermiddag som ein del av kvardagsmenyen med god samvittigheit. I denne oppskrifta er det ein del asiatiske ingrediensar som for eksempel chili, ingefær, lime og koriander som gir ein smaksrik lakseburger. Dersom du har ungar som ikkje likar det kan du fint justere ned mengda eller eventuelt bytte det ut med litt mildare smakar. Sjølv vil eg så absolutt anbefale å lage retten som den er, men eventuelt kutte ned på chilien i coleslawdressingen for å tilpasse den for yngre born. Coleslaw er originalt laga med kål, men i denne oppskrifta har eg brukt isbergssalat istaden.

DSC_0226

Ingrediensar til ca. 3 stk middels store lakseburgerar med coleslawdressing:

Lakseburger:

  • 400 g laksefilet uten skinn og bein, i terningar
  • 2 vårløk, i tynne ringar
  • 1 neve fersk koriander
  • 1 ts fersk riven ingefær
  • 1 fedd kvitløk, finhakka
  • 2 ss soyasaus
  • ½ lime, safta
  • salt & peppar

Coleslawdressing:

  • 1 middels stor gulrot
  • 1 vårløk
  • ¼ isbergssalathovud
  • 1 neve fersk koriander
  • 1 ½ dl majones
  • 1 ss eplecidereddik
  • 1-2 ss rømme (kan sløyfast)
  • ½ lime, safta
  • 1 ss soyasaus
  • 1 ts brunsukker
  • 1 ts chiliflak
  • ½ ts chilipulver

Tilbehør:

  • 3 burgerbrød (gjerne etter denne oppskrifta)
  • crispysalat/spinatblad
  • agurkskiver

Ha lakseterningar, vårløk, koriander, ingefær, kvitløk, soyasaus og limesaft i ein foodprocessor og kjør blandinga i nokre sekunder. Krydre godt med peppar og litt salt og kjør til blandinga har blitt ein halvgrov fiskefarse. Sett det kaldt i kjøleskap slik det får satt seg medan du lagar coleslawdressingen.

Skrell gulrota og skjær den i tynne strimlar med eit juliennejern. Om du ikkje har det kan du bruke ein potetskrellar og skrelle av breie strimlar som du deretter delar opp i tynne strimlar med ein kniv. Hakk vårløken i tynne skiver og isbergssalaten i tynne strimlar. Finhakk koriander og bland alt saman i ei skål. I ei anna skål har du i majones, eplecidereddik, rømme, limesaft, soyasaus, brunsukker, chiliflak og chilipulver. Bland det godt saman før du heller majonesblandinga over i skåla med gulrot-og isbergssalatblandinga. Bland alt godt til du får dekt alle grønsakene med majonesen.

Varm opp litt nøytral steikeolje (f.eks. rapsolje) i ei steikepanne. Gni litt olje i hendene og form laksefarsen til 3 middels store bollar. Legg dei i den varme steikepanna, trykk dei til ca. 1 cm flate burgerar med ei steikespade og la dei steike på middels høg varme i ca. 2-3 minutter på kvar side.

Server lakseburgerane i lune burgerbrød med salat, agurk og coleslawdressing.

DSC_0246

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *