Lakselasagne

DSC_0769

Kva skjedde med fisken? Ho som har vakse opp med fisk til middag minst tre gongar i veka har ikkje lagt ut ein einaste fiskerett. Ikkje før no. Denne gongen er det laks på menyen, maskert i ein lasagne med spinat og andre godsaker.

Lakselasagne synest eg er så utruleg godt at den hadde eg lett bytta ut med vanleg lasagne når som helst. Spesielt godt er det sidan den inneheld masse med spinat (som eg forøvrig er veeeldig glad i), god heimelaga tomatsaus og sprø ost på toppen. Så her har du ein variert utgave av fiskemiddagen!

Ingrediensar til lakselasagne for ca. 4 personar:

Tomatsaus:

  • 2 store sjalottløk
  • 2 kvitløksfedd
  • 1 neve soltørka tomat
  • ¼ rød chili
  • 2 ss tomatpurè
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 1 boks hermetiske cherrytomater
  • 2-3 ss tørka basilikum
  • 2-3 ss frisk oregano
  • olivenolje
  • salt & peppar

Spinatsaus:

  • 500 g frossen spinat
  • olivenolje
  • muskatnøtt, malt
  • 2 ss persille
  • 1 ss sitronsaft
  • 300 g lett creme fraîche
  • ½ dl fløte
  • salt & peppar

Til montering:

  • 500 g fersk laksefilet i terningar
  • 8-10 lasagne pastaplater
  • 100 g parmesanost, reven (evt. mozzarellaost/annan god ost el. ei blanding)

Fyrst lagar du tomatsausen til lasagneretten. Finhakk sjalottløk, kvitløk, chili og soltørka tomat. Surr det i litt olivenolje i ei panne til løken blir mjuk og blank. Ha så i tomatpurè og la det surre i 1 min til. Så tilsetter du dei hermetiske cherrytomatane, balsamicoeddik og urter og lar det stå og putre i 5 min. Smak så til med salt og peppar og evt. litt meir urter og krydder etter ønske. Sett så til sides.

Så har du litt olivenolje i ei steikepanne og steikar den frosne spinaten på middels høg varme. La det surre til spinaten er tint opp og det aller meste av vatnet er fordampa. Ha så i persille, muskatnøtt og sitronsaft. Deretter har du i creme fraîche og fløte og lar det koke inn litt. Smak til med salt og peppar.

Har du brukt sparsomt med salt i tomatsaus og spinatsausen kan du godt salte lakseterningane lett før du bruker dei.

DSC_0760

Forvarm steikeovnen til 200 ºC og smør ei ildfast form med litt olivenolje. Legg så eit lag tomatsaus, eit lag spinatsaus, lakseterningar og til slutt pastaplater. Gjenta alle laga til du har brukt opp alle ingrediensane. Avslutt med spinatsaus. Kor mange lag du får vil avhenge av kor høg og brei form du brukar. Eg brukte ei ca. 23x23cm stor form og fekk tre lag. Ha så over reven ost og steik i ovnen i ca. 30 min, til osten har blitt fin og gylden.

Server med grøn salat og gjerne litt brød om du ønsker. Så godt, så enkelt. Fiskemiddag som gir meirsmak!

DSC_0765

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *