[dropcap]T[/dropcap]aco er alltid godt og passar for både liten og stor. Stort sett blir den servert med kjøt, men no har den vanlege tacoen fått ein stor konkurrent på mitt kjøkken. Taco med fisk er saftig og smakfullt og eg byttar gjerne ut kjøtdeiga i tacoen med laksebitar når som helst.
Dersom du har ferdige tortillalefser klar i enten frysaren eller har ferdigkjøpte frå butikken så er denne retten like rask å lage som vanleg taco og kanskje enda raskare også. Saman med dei krydra laksebitane serverer eg laksetacoen med grøn salat, mangosalat og ein avokadodressing. Retten har mykje gode smakar og inneheld ein del lime både her og der som gjer at retten blir frisk og god. Om du ikkje er så glad i laks er det heller ingenting i vegen for å bytte ut med torsk eller anna kvit fisk.
[recipe-foody]Ingrediensar til laksetaco for 6 personar:
- 600 g laksefilet, uten skinn & bein
- 1 ts paprikapulver
- ½ ts kvitløkspulver
- 1- 1 ½ ts spisskummen, malt
- 2 ts oregano, tørka
- ½ ts peppar, malt
- ½ ts chilipulver
- 1 klype brunsukker
- ½ ts salt
- 1-2 ss fersk koriander, finhakka
- 8 ss olivenolje
- limesaft
Mangosalat:
- 1-2 mango (alt etter størrelsen), godt moden
- 1 rødløk
- 1 raud paprika
- fersk koriander
- limesaft
Avokadodressing:
- 2 avokado, godt modne
- 1 ½ dl lettrømme
- 2 ss fersk koriander, finhakka
- 1 lime, safta
- 1 klype chilipulver
- havsalt
Tilservering:
- tortillalefser (gjerne etter oppskrift her)
- babyspinat el. annan grøn salat
- evt. rømme
- lime
- fersk koriander
[/recipe-foody]
Bland saman alt krydderet, sukkeret og finhakka koriander i ein pose. Skjær laksen i terningar på ca. 2 cm og ha den i posen saman med krydderet og rist godt. Tilsett olivenolje og bland det godt saman. La laksen stå og marinere medan du forbereder resten.
Skjær mango i små terningar på 1 cm, finhakk rødløk og paprika og bland alt saman i ei skål. Strø over finhakka koriander og skvis over litt limesaft. Sett til sides.
For å lage avokadodressingen har du avokado, lettrømme og koriander i ein stavmiksar og kjører det til ein glatt purè. Smak til med limesaft, chilipulver og havsalt.
Varm opp tortillalefser i mikrobølgeovn eller steikeovn. Varm opp ei teflonsteikepanne på middels varme. Når panna er varm har du i laksen og all krydderoljen i posen og lar laksebitane steike i ca. 2-3 minutter. Skvis limesaft over laksebitane i panna. Server laks, babyspinat, mangosalat og avokadodressing i varme tortillalefser og topp gjerne med litt ekstra finhakka koriander og litt limesaft over det heile.