Laksetartar

[dropcap]L[/dropcap]aksetartar er ein super forrett eller eit lite måltid for deg som vil ha noko friskt og lett. Denne forfriskande retten byr på søt og frisk mango, rå laks og ein avokadokrem med chili og lime. I tillegg er den flott å servere som forrett dersom du vil imponere gjestane litt!

Laks er ein allsidig fisk som eg synest passar til dei fleste typar rettar. Den er like god til indiske smakar med masse sterke krydder som den er saman med friske frukter og milde smakar. Laksetartar kan også vere eit alternativ dersom du er lei av sushi som har blitt ganske vanleg som rå fiskerett. Det du skal hugse på når du lagar rettar med rå fisk er at du kun brukar heilt fersk fisk og at den er kjøleskapskald fram til servering.

CueQKvEIQra8P7BaFQJO5g_thumb_67e3

[recipe-foody]Ingrediensar til laksetartar for ca. 6 personar:

  • 400 g salmalaks (fersk lakseloin)
  • salt & peppar
  • olivenolje
  • 1 mango
  • 1-2 vårløk (bruk det grøne)

Avokadokrem:

  • 2 middels store avokado
  • ½ rød chili
  • 1-2 ts akasiehonning
  • limesaft
  • fersk koriander
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Skjær laksefileten i små terningar på ca. ½ cm. Krydre med salt og peppar og ha over litt olivenolje. Bland det godt saman og sett det kaldt i kjøleskap medan du gjer klart resten.

Skjær mangoen i terningar på ½ cm og finhakk det grøne på vårløken. Bland saman og sett til sides. Mos avokadoen i ei skål. Finhakk chili så smått du klarer og bland det saman med avokadoen. Ha i honning og smak til med lime, koriander, salt og peppar. Bruk små kake/dessertringar på ca. 7 cm i diameter til å sette saman forretten. Plasser kakeringane på serveringsfat og fordel mangoblandinga godt nedi i botnen på kvar av dei. Deretter fordeler du laksen i ringane og trykker det også godt nedi. Til slutt fordeler du avdokadokrem på toppen av alle ringane og stryker overflata glatt med ein kniv. Ta forsiktig av kakeringane slik at retten held på forma. Server umiddelbart og gjerne saman med litt soyasaus eller ferske urter på toppen.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*