Lammegryte med tomat

[dropcap]L[/dropcap]ammekjøt er noko eg er utruleg glad i og kan brukast til det meste. Ein pakke med fårikål-kjøt i frysaren vart denne gongen brukt til eit anna føremål enn fårikål, og blei til denne smakfulle gryta med tomat og grønsaker.

Oppskrifta til suksess med rettar av fårikål-kjøt er lang koketid. Då får ein mørt og godt kjøt som smakar nydeleg. Gryta er enkel å lage sjølv om det krev eit par timar koking for å få godt resultat. Det er heldigvis verdt det! Saman med retten smakar det godt med noko så enkelt som brød med ein klatt smør på.

EpHo5rRHQAaX2qNw9h05Cg_thumb_7337

Ju0T6zPOQSSwuuP7N78igw_thumb_7356

[recipe-foody]Ingrediensar for 4 personar:

  • ca. 1 kg fårikål-kjøt
  • salt & pepar
  • 2 ss kveitemjøl
  • smør, til steiking
  • 1 løk
  • 2 store gulrøter
  • ½ sellerirot
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ½ dl kraft (kjøt/grønsaks-kraft)
  • 2 x 400 ml hermetisert hakka tomat, av god kvalitet
  • 1 laurbærblad
  • 2 ts paprikapulver
  • 250 g kvite bønner (hermetiserte)
  • salt & pepar
  • fersk persille

[/recipe-foody]

Krydre kjøtet godt med salt og pepar. Strø kveitemjøl over og vend det rundt til alle kjøtstykka er dekte. Varm opp ein stor kjele og ha i ein klatt smør. Steik kjøtet i omgongar til det får steikeskorpe på alle sider og legg til sides. Skjær løk, gulrot og sellerirot  i grove bitar og terningar. Lat det surre i litt smør i kjelen eit par minutt. Knus kvitløksfedda og ha i kjelen. Lat det surre med eit ekstra minutt. Deretter har du i kraft, tomat, laurbærblad og paprikapulver. Gi det heile eit oppkok. Lat småkoke under lok i ca. 2- 2 ½ time, eller til kjøtet er møyrt og losnar frå beinet. Ha i kvite bønner ca. 5 minutt før servering og lat dei bli gjennomvarme. Smak til med salt og pepar. Strø over fersk persille og server saman med godt brød.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*