Lammekofta på ertehummus & naanbrød

[dropcap]K[/dropcap]ofta er små og litt avlange kjøttbollar som stammar frå Midtøsten, Afrika og Asia. Dei fleste verdensdelar har sin variant av kjøttbollen og denne varianten bærer preg av arabiske smakar. Desse kjøtbollane er smakfulle kjøtbollar av lammekjøt med gode krydder og er servert på ein hummus av grøne erter og heimelaga naanbrød.

Kjøtbollane her er laga med kjøtdeig av lam, men det kan du fint bytte ut med anna kjøtdeig om du ikkje får tak i lammekjøt. Saman med kjøtbollane har eg servert ein hummus av grøne erter. Hummus er originalt laga med kikerter, så om du heller vil lage originalen funkar nok det også veldig godt. Naanbrøda er også heimelaga og oppskrifta på dei finn du her.

DSC_0428

[recipe-foody]Ingrediensar  til lammekofta & ertehummus for ca. 3-4 personar:

Kofta:

  • 400 g lammekjøtdeig
  • ½ rødløk, finreven
  • 1 stort fedd kvitløk, knust
  • 25 g pinjekjerner, rista
  • 1 neve fersk bladpersille, finhakka
  • 1 ts malt spisskummen
  • 1 ts paprikapulver
  • ½ ts kanel
  • ½ ts svart peppar
  • ½ ts salt
  • 1 egg

Ertehummus:

  • 250 g grøne erter, frosne
  • 1 stort fedd kvitløk, knust
  • 1 ss tahini (sesampasta)
  • 1 ts tørka mynte
  • 1 klype spisskummen
  • olivenolje
  • sitronsaft
  • salt

Tilbehør:

  • naanbrød
  • gresk yoghurt/rømme
  • fersk bladpersille

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane til lammekoftaane i ein bolle og bland det godt saman til du får ei fast deig som heng godt saman. Sett det i kjøleskap medan du forberedar resten, slik at kjøtdeiga får satt seg skikkeleg før steiking.

Hell kokvarmt vatn over dei frosne ertene slik at dei er gjennomtinte og skyll av vatnet igjen. Ha erter, kvitløk, tahini, spisskummen og mynte i ein stavmiksar og kjør blandinga til du får ein purè. Ha i litt og litt olivenolje og kjør blandinga vidare til du får ein passe laus konsistens. Smak til med sitronsaft og salt.

Varm opp naanbrød i steikeovnen medan du steikar kjøtbollane.

Ha godt med olivenolje i ei steikepanne og form små runde og avlange bollar med kjøtdeig før du steikar dei på middels høg varme til dei er gyldne på alle sider. Server varme naanbrød med ein god klatt ertehummus og deretter kjøtbollar på toppen. Topp det heile med litt gresk yoghurt eller rømme og litt fersk finhakka persille.

DSC_0437

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*