Lasagne med mozzarella

DSC_0900

Lasagne som inneheld masse godsaker i både kjøttsaus og kvit saus, toppa med sprøstekt mozzarellaost. Denne italienske klassikeren blir aldri kjedeleg!

Lasagne har vore ein kjent gjengangar til helgekosen i heimen min i alle år, slik som dei aller fleste andre også kan kjenne seg igjen i. Det var oftast lasagne frå pakke det gjekk i då, men no dei seinare åra har den (heldigvis) blitt bytta ut med ein heimelaga variant. Smakane er mykje bedre og råvarene både sunnare og meir smakfulle.

DSC_0886

Ingrediensar til lasagne for ca. 4-6 personar:

Kjøttsaus:

  • 100 g bacon, i små terningar
  • 1 stor rødløk, finhakka
  • 1 stor gulrot, grovriven
  • 1 bit sellerirot, riven
  • 2 kvitløksfedd, knuste
  • 400 g kjøttdeig/karbonadedeig
  • 3 ss soltørka tomat, i små bitar
  • 2 ss tomatpurè
  • 2 boks (à 400 g) heile plommetomatar
  • 2 ss crema di balsamico (evt.vanleg balsamico)
  • 2 ts tørka timian
  • 2 ts tørka basilikum
  • 1 neve fersk basilikum, finhakka
  • olivenolje til steiking
  • salt & peppar

Kvit saus:

  • 35 g smør
  • 50 g hvetemel
  • 5 dl mjølk
  • 70 g parmesan, finriven
  • 1 ts tørka persille
  • 1 klype muskatnøtt, malt
  • salt & peppar
  • ca. 12 pasta lasagneplater
  • ca. 200 g mozzarellaost

Tilbehør:

  • salat
  • godt brød

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne og steik baconet til det blir gyldent og sprøtt. Ha i rødløk, gulrot, sellerirot og kvitløk og la det surre i ca. 5 minutter til det er mjukt og blankt. Ha over i ein bolle og sett til sides. Steik så kjøttdeiga på medium høg varme til den har fått ei fin steikeskorpe. Hell tilbake løkblandinga i steikepanna igjen og tilsett soltørka tomat.

Deretter har du i tomatpurè, plommetomatar, balsamico, kryddera og fersk basilikum. Smak til sausen med godt med salt og peppar. La det stå og småputre på svak varme medan du lagar kvit saus.

For å lage den kvite sausen smeltar du smøret på lav varme i ein kjele. Tilsett hvetemelet og rør godt rundt. Ha deretter i mjølka litt og litt i gongen medan du fortsatt rører godt rundt til du får ein smidig og fin saus. La sausen koke opp forsiktig og la den så putre nokre minutter på lav varme igjen til den har tjukna til passeleg konsistens. Ta sausen av varmen og tilsett mesteparten av parmesanosten, muskatnøtt og persille. Smak så til med salt og peppar.

Så er det klart for å sette saman lasagnen. Legg ca. ein tredjedel av kjøtfyllet i botnen på ei ildfast form, legg så eit lag med lasagneplater, ein tredjedel med kvit saus oppå og gjenta dei tre laga. Avslutt med kvit saus på toppen. Eg fekk 3 lag med lasagneplater. Riv opp mozzarellaosten i klattar og strø på toppen av lasagnen saman med resten av parmesanosten. Krydre lett med salt og peppar og eit lite dryss tørka basilikum. Sett inn i den forvarma ovnen og steik i ca. 30 minutter til osten er sprø og gylden.

Server med salat og godt brød om du vil og nyt ein god kosemiddag!

DSC_0914

DSC_0919

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *