Lavendel- og sitronkylling

DSC_0851

Høyrest kanskje rart ut? Dette er kanskje ikkje for den aller mest kresne, men kylling marinert i lavendel, honning og sitron var ein ny og meget god smak. Neida, det smakar heller ikkje såpe eller parfyme sjølv om det kanskje helst er det du forbinder lavendel med.

Om du ikkje befinner deg i ein lavendelåker i Provence i Frankrike, så kan kanskje dette bli det nærmaste du kjem deg no. Lavendel er dyrka i store mengder i Frankrike og blir brukt mykje til parfymeindustrien. Lavendel er spiseleg og fungerer flott i kaker og søtsaker, men også i ein middagsrett som her. Då eg var i Nice i fjor sommar måtte eg selfølgelig kjøpe med meg lavendel heim, og no blei den endeleg brukt til anna enn makronar eller søtsaker.

Ingrediensar til lavendel-og sitronkylling for 4 personar:

  • 1,5 kg heil kylling
  • 2 toppa ss tørka lavendel
  • 1 stor sitron, sitronskalet og safta
  • 2 ss timian
  • 5 ss olivenolje
  • 5-6 ss akasiehonning
  • salt & peppar

Råstekte poteter:

  • 12 stk mandelpoteter
  • 1 ss tørka timian
  • smør til steiking
  • olivenolje til steiking
  • salt & peppar

Aspargessalat:

  • 1 bunt frisk grøn asparges
  • grøn salatblanding (ruccula, crispysalat, romanosalat, spinat, feldtsalat)
  • pinjekjerner
  • parmesanflak
  • balsamicoeddik
  • sitronsaft

Start med å skjære opp kyllingen i ca. 8 delar, (kyllinglår delt i to, vingar, brystfilet delt i to) og det gjer ingenting at bitane ikkje er like store. Mos lavendelen litt i ein morter og tilsett honning, olivenolje, sitron og timian og rør godt rundt. Salt kyllingen godt og legg over i ein bolle. Hell så lavendelmarinaden over og dekk bollen med plastfolie. Lat så kyllingen stå og marinere i nokre timar.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Legg kyllingbitane med skinnsida ned i ei ildfast form og hell marinaden over. Sett så inn i ovnen og steik i ca. 40-45 minutter. Halvveis i steiketida snur du kyllingbitane slik at skinnsida kjem opp, og øs gjerne over litt av marinaden over kyllingen underveis. Dei siste 10 steikeminutta kan du sette på grillfunksjon for å få litt meir farge. Sjekk om kyllingen er ferdigstekt ved å stikke inn ein tynn kniv på tjukkaste delen og sjå om safta som kjem ut er klar på farge.

Medan kyllingen steikar kan du tilberede potetene og salaten. Kok fyrst opp mandelpotetene og la dei koke i 5 minutters tid. La så potetene kjøle seg ned litt før du skjærer dei i ca. 1-2 cm breie skiver. Varm opp litt smør og olivenolje i ei steikepanne og steik potetene på høg varme saman med timian til dei blir gyldne og sprø. Krydre så med salt og peppar.

Kok opp litt vatn i ein kjele og ha i asparges og la den koke i ca. 1 min. Ha så over aspargesen i iskaldt vatn. Bland saman litt grøn salat i ein bolle og skjær den avkjølte aspargesen i tynne stilkar og bland saman. Ha så over pinjekjerner, parmesanflak, litt sitronsaft og balsamico.

Server så kyllingen med marinadesafta over, aspargessalat og dei råstekte potetene. Kyllingen blir klissete med smak av søtleg honning, lavendel og syrleg sitron. Raskt, enkelt og godt!

DSC_0859

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *