Limoncello sitronmousse

DSC_0087

Frisk og lett sommardessert for deg som likar det litt syrlege. Sitronmousse med mascarponeost, amarettikjeks (italienske mandelmakronkjeks) og crema di limoncello (nydeleg sitronlikør).

Denne desserten er perfekt ein sein sommarkveld når søtsuget melder sin ankomst etter ein bedre middag der du framleis har litt plass til noko søtt for å runde av måltidet. Desserten er også fin å servere middagsgjestar då den er meget rask å lage og fint kan forberedast på førehand. For å gi desserten det lille ekstra piffet er det beste å bruke heimelaga sitroncurd, men ferdigkjøpt fungerar fint det også. Du kan fint lage dine eigne amarettikjeks også, men her har eg faktisk juksa litt!

DSC_0079

Ingrediensar til 4 porsjonar sitronmousse:

  • 125 g mascarponeost
  • 1 dl sitroncurd (enten heimelaga eller ferdigkjøpt)
  • 50 g crème fraÎche
  • 1 ss sitronsaft
  • 1 ss akasiehonning
  • 1 ss crema di limoncello (valgfritt)
  • 30 g eggekvite
  • amarettikjeks
  • friske bringebær
  • sitronmelisse

Bland saman mascarponeost og sitroncurd og rør godt til du får ein glatt krem. Ha så i crème fraÎche og smak til med sitronsaft og honning. Bland inn limoncello om du vil bruke det (anbefalast).

Stivpisk eggekviten og fold det så forsiktig inn i sitron-og ostekremen til du får ein luftig og fin mousse. Legg så knuste amarettikjeks og sitronmousse lagvis i porsjonsglas og topp det med nokre friske bringebær og litt ekstra amarettikjeks og sitronmelisse.

DSC_0078

Nydeleg, forfriskande og lett italienskinspirert dessert ferdiglaga på 1-2-3!

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *