Lyst brød

MUBgEDA9SDaj+SAyIfZCOw_thumb_6d9f

Fint brød med sprø skorpe og saftig innmat er nydeleg å servere med godt pålegg eller saman med gode middagsrettar der ein kan dyppe brødet i saus eller gode oljer. Denne oppskrifta gir to middels store brød som er perfekt til nettopp dette.

Ingenting er betre enn fersk gjærbakst til måltidet. Desse brøda er enkle å lage og inneheld få ingredienser. Lyst brød er ikkje kvardagsmat, men til enkelte føremål er dette det aller beste. Brøda er nydeleg til skalldyrmåltid, tapas, bruschetta eller berre til å dyppe i litt god olivenolje eller saman med salaten.

Cld6AudwRN2lLNHaqZYo0w_thumb_6da6

Ingrediensar til 2 stk. middels store brød:

  • 750 g hvetemel
  • 15 g gjær
  • 15 g salt
  • 480 g vatn

Ha mjølet og salt i ein stor bolle. Varm opp vatnet til det er lunka og rør ut gjæren i det. Hell væska over mjølet og elt saman deiga i maskin i ca. 10 minutt. Hell deiga ut på kjøkenbenken og kna den saman i 2-3 minutt. Når deiga er glatt og smidig former du den rund og legg til heving i bakebollen på ein lun stad i ca. 1 times tid eller til dobbel storleik.

Del deiga i to like store emner og form dei til avlange brød som er ca. like lange som eit steikebrett. Sett dei på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under eit kjøkenhandklede i ca. 45 minutt, eller til dei er dobla i volum.

Forvarm steikeomnen til 240 ºC.

Snitt brøda på skrå med ein skarp kniv og sett dei midt i omnen. Spray litt kaldt vatn med ei sprayflaske inn i omnen slik det dannar seg damp og lukk døra raskt igjen. Dette gjer at brøda får eit lite ekstra piff til steikeprosessen. Etter ca. 10 minutt skrur du ned temperaturen på omnen til 210 ºC og steiker brøda vidare i ca. 30 minutt. Brøda er ferdige når dei er sprø og gyldne på utsida og lagar ein hul lyd når du bankar på dei. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *