Mazarinterte med rabarbra

[dropcap]M[/dropcap]azarinterte er ei kake med botn av mørdeig og eit fyll av mandelmasse. Mazarin kjenner du kanskje best igjen frå barndommen i små porsjonsformer av metall med eit lag med kvit glasur på toppen. Denne varianten er laga som ei stor terte og har litt rabarbra i seg som gir ein frisk og syrleg smak til det søte mandelfyllet.

Mazarinterte er utruleg enkelt å lage og kan lagast med ulike typar frukt for å få ein frisk smak. Sidan rabarbra er i sesong no og har ein frisk syrleg og søt smak som passar godt saman med mandel, så passa det perfekt denne gongen. Tertedeiga kan du også lage på førehand og ha liggande klar i kjøleskapet dersom det skal gå raskt. Husk då berre på at den vil trenge nokre minutter lenger på kjøkkenbenken før den er klar til å kjevlast ut. Mengda med rabarbrafyll i terta er det ikkje så alt for mykje av, men akkurat nok til å gi eit lite hint av syre. Dersom du vil ha meir smak kan du gjerne auke mengda litt.

DSC_0282

DSC_0325

[recipe-foody]Mazarinterte med rabarbra til ca. 10 personar:

Rabarbrafyll:

  • 325 g rabarbra
  • ½ dl sukker
  • 1 sitron, saft & skal

Mandelfyll:

  • 200 g smør, romtemperert
  • 220 g sukker
  • 130 g finmalte mandlar
  • 2 store egg
  • 1 ss mandellikør (evt. 1 ts mandelessens)
  • 65 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • ½ ts salt

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 180 ºC.

Lag tertedeiga etter framgangsmåte i innlegget her og legg kaldt i kjøleskap i ca. 1 times tid.

Ha rabarbrastilkar, sukker og saft og skal frå ein sitron i ei ildfast form. Sett inn i steikeovnen og la det steike i ca. 20 minutter, til det er mørt og saftig. Sett til sides til avkjøling. La steikeovnen framleis vere på.

Ta ut tertedeiga frå kjøleskapet og kjevle den til ein sirkel på ca. 3-5 mm tjukkelse og trykk deiga forsiktig ned i ei terteform med laus botn på ca. 24 cm. Sørg for at deiga kjem godt ut i sidene og oppover kantane. Kutt av overflødig deig på utsida. Den kan du gjerne bruke til å lage pynt til å dekorere kantane på terta med, som for eks. fletter eller blad. Prikk deiga med ein gaffel og sett tilbake i kjøleskapet i ca. 20 minutter.

Deretter legg du eit lag med bakepapir ned i terteforma og fyller det med tørka erter eller liknande og blindsteiker terta i ca. 15 minutter. Ta så ut bakepapiret med ertene og steik tertebotnen vidare i ca. 5-7 minutter ekstra. Tertebotnen skal vere nokonlunde stekt og sprø, men ikkje ha fått brun farge. Ta ut terteforma og avkjøl litt medan du lagar mandelfyllet.

Rør smør og sukker mjukt og luftig. Tilsett mandelmjøl, egg, mandellikør, kveitemjøl, bakepulver og salt og rør til du får ei luftig masse.

Legg til sides nokre stilkar med rabarbra til pynt på toppen av terta (ca. 6-8 stk). Resten av rabrabrafyllet mosar du lett med ein gaffel og fordelar utover den halvstekte tertebotnen. Fordel deretter mandelfyllet utover i eit så jamnt lag du klarer på toppen av rabarbrafyllet. Til slutt legger du rabarbrastilkane du tok vare på i ein sirkel på toppen av terta slik dei kryssar over kvarandre. Dersom du har laga dekòr av den overflødige tertedeiga legger du den rundt kanten på terta no. Sett terta inn i steikeovnen og la den steike i ca. 35-40 min, til fyllet har stivna og heva seg opp ein del og terta er gyldenbrun på farge. Dersom du synest den blir for raskt brun kan du legge over eit bakepapir på toppen mot slutten av steiketida. Avkjøl terta heilt før du flyttar den ut av forma. Sikt over melis på toppen og server gjerne saman med litt piska krem.

DSC_0284

DSC_0304

 

Ein kommentar

  1. Gøy med alle de ulike rabarbraoppskriftene som finnes! Dette var en ny vri, lekkert!
    Jeg har inkludert denne oppskriften i en stor rabarbrasamling jeg har inne på Moseplassen. Det innebærer at jeg har lånt et bilde og så lenker til deg. Dersom du ikke synes dette er ok, så sender du meg en epost, så fjerner jeg deg naturligvis øyeblikkelig.
    http://www.moseplassen.no/2015/05/hvordan-dyrke-rabarbra-oppskrifter/

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*