Mango-& kyllingcurry

DSC00161

Asiatiske curryrettar med mykje god smak er noko av det beste eg veit som både kvardags-og helgemiddag. Denne currygryta med smak av søt mango, kylling, aromatiske krydder og ein lett ettersmak av chili er nydeleg god og svært enkel å lage.

Denne indiske curryen er ikkje av dei sterkaste typane. Dette er for å behalde smaken av den gode mangoen, men dersom du ønskar litt meir sting i maten kan du gjerne tilsette litt ekstra currypaste eller chili. Saman med curryretten smakar det godt med villris eller naanbrød og salat. Uansett kva du vel å servere med blir det ein god og varmande rett med nydelege smakar. Ellers er det viktig å bruke godt moden mango for å få fram sødmen i retten.

DSC00164

Ingrediensar til mango-& kyllingcurry for ca. 4 personar:

  • 500-600 g kyllingfilet, uten skinn og bein
  • 2 ss nøytral steikeolje (raps/solsikke)
  • 1 gul løk
  • ½ stor raud paprika
  • 1 ts raud currypaste
  • 1 ss karrikrydder
  • ½ ts spisskummen, malt
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ss fersk ingefær, finreven
  • 1 ss kvitvinseddik
  • 400 ml kokosmjølk (helst krema type)
  • 1 stor mango, godt moden
  • 1 ts brunsukker
  • salt & peppar

Til servering:

  • villris / naanbrød og salat
  • fersk koriander

Varm opp ei steikepanne med høge kantar og ha i steikeoljen. Finhakk løk og paprika og ha det i steikepanna. La det surre på middels varme til løken blir mjuk, ca. 5 minutter. Tilsett currypaste, karrikrydder, spisskummen, paprikapulver og ingefær og la det surre vidare i eit par minutter. Skjær mangoen i terningar og legg til sides ca. ¼ av den til seinare. Ha ¾ av mangoen i panna saman med kvitvinseddik og kokosmjølk og gi det eit lite oppkok. La det deretter surre på lav varme til det kokar inn litt, ca. 15 minutter.

I mellomtida kan du koke ris etter anvisning på pakken eller tilberede naanbrøda om du brukar det. Når sausen er kokt inn ein del brukar du enten ein stavmiksar eller ein blender og kjører sausen til ein purè (pass på så det ikkje sprutar utover for dette er varmt). Dersom sausen treng det kan du ha i 1 ts brunsukker for å få fram smakane. Skjær kyllingfiletane i terningar på ca. 2 cm og ha det i sausen i panna og legg på lokk. La dette stå og putre i ca. 10 minutter, til kyllingen er gjennomstekt. Smak til sausen med salt og peppar etter behov. Ha i mangoterningane du la til sides tidlegare og la dei surre med på lav varme i eit lite minutt. Server så mango-og kyllingcurryen saman med ris eller naanbrød og strø over litt fersk koriander.

DSC00189

Oppskrifta til denne nydelege retten fann eg på Simply Recipes sine sider og har gjort nokre endringar og justeringar  på den etter eigne smaksløkar. Linken til den originale oppskrifta finn du her Mango Chicken Curry.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *