Mangolassi

6CQSAEeaQCawKIIiAR%GzA_thumb_6c70

Lassi er ein indisk yoghurt-basert drikk som blir servert som forfriskning i varmen. Lassi er også vanleg å servere saman med eit måltid og kan lagast både i søt og salt versjon. Mangolassi er som ein smoothie og smakar søtt og friskt.

Lassi er opphavleg laga ved å vatne ut yoghurt med vatn og er gjerne tilsatt krydder og salt. Salta lassi med mynte er for eksempel ein favoritt i Bangladesh. Den søte varianten av lassi er ofte søta med sukker, rosevatn, sitron og jordbær eller andre frukter. Mangolassi kan du servere som eit mellommåltid eller ei forfriskning etter eit sterkt krydra måltid. Denne har smak av safran som er ein personleg favoritt, men likar du ikkje det kan du fint droppe det.

B47neyLxRbGejKYxorSl5A_thumb_6c59

Ingrediensar til 2 små glas med mangolassi:

  • 1 mango
  • 1 dl gresk yoghurt naturell
  • 3-4 safrantråder
  • ein neve fersk mynte el. sitronmelisse
  • 1-2 ts akasiehonning (kan sløyfast)
  • sitronjuice
  • isbitar, til servering

Skjær ut fruktkjøtet frå mangoen og ha det i ein stavmiksar. Kjør til purè. Ha i yoghurt, safran, mynte, og honning og kjør til blandinga er glatt og jamn. Smak til  med sitronjuice og server med isbitar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *