Mangosorbet

tgHLdkHcRry7yr+seReKGg_thumb_6ca8
Sorbet er ein frisk og enkel dessert du kan lage på kort tid. Denne er med eksotisk mango og pasjonsfrukt og smakar herleg!

Sorbeten kan lagast både med og uten ismaskin, men dersom du ikkje brukar maskin må du hugse på å røre i sorbeten med jamne mellomrom under innfrysing. Sorbeten smakar godt slik som den er, men kan også serverast med ferske bær eller frukter og kanskje også med kjeks eller liknande.

Ingrediensar til mangopurè for ca. 4 personar:

  •  2 store godt modne mango
  • 75 g sukker
  • ¾ dl vatn
  • 4 pasjonsfrukt
  • 1 lime

Ha sukker og vatn i ein kjele og kok opp til du får ein sukkerlake. Avkjøl. Skjær ut alt fruktkjøtet frå mangoen og kjør til ein glatt purè i stavmiksar. Ha i avkjølt sukkerlake til du får ein passe søt smak. Skrap ut fruktkjøt og frø frå pasjonsfrukta og ha det i mangopurèen. Smak til med limesaft (eg brukte omtrent ein heil lime). Dersom du ikkje brukar ismaskin har du purèen i ei boks med lok og sett i frysaren. Rør rundt i sorbeten kvar time til den er heilt frossen for å unngå store iskrystallar. Server mangosorbet som forfriskande dessert i iskjeks eller saman med ferske frukter eller bær.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *