Marinert ost

DSC_0248

Marinert ost er ein smakfull liten siderett som fungerar ypperleg til koldtbordet og som tapasrett. Osten er marinert i ei olje-og hvitvinseddiklake saman med gode krydder og urtar.

Denne oppskrifta kan du variere med annan type ost og urtar alt etter kva du sjølv likar. Retten smakar også godt som topping over grøn salat og saman med godt brød. Server den gjerne også som ein del av tilbehøret på spekematbordet i jula.

Ingrediensar til eit stort glas marinert ost:

  • 200 g Jarlsbergost/Edamerost (evt. annan type fastost)
  • 100 g hermetisk paprika
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 2- 2 ½ dl olivenolje
  • 1- 1 ½ dl hvitvinseddik
  • 2 ss fersk basilikum
  • 1 toppa ts tørka timian
  • 1 ss rosèpepper
  • 1 ts tørka oregano
  • ½ ts chilipulver
  • litt salt

Skjær osten i små terningar omtrent på størrelse med sukkerbitar og skjær paprika i små strimlar. Ha dette over på eit stort glas med lokk. Bland saman olivenolje, hvitvinseddik og alle urtane og kryddera. Hell oljemarinaden over osten og paprikaen i glaset og sett i kjøleskap og la det marinere i ca. 2 dagar før bruk. Romtemperer osten før servering.

DSC_0235

2 comments

  1. Torbjørg Liavåg Eikeland

    For ein fantastisk blogg du har!!! Denne blir ein av favorittane mine!! 😃👍🌹

    1. Takk for veldig kjekke ord! 🙂 Det blir satt stor pris på!:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *