[dropcap]S[/dropcap]jokolade, ost og bær i fin harmoni. Browniekake har eg hatt som favorittkake i mange år, men gått litt lei no dei siste åra. Den nye favoritten er for tida ostekake, men sidan sjokoladeavhengigheita er like stor måtte dei to smakane berre slåast saman i ei kake med friske bær.
Resultatet er ei marmorert kake med friske og gode norske bringebær. Tre smakar som saman blir himmelske! Kaka er ganske mektig, men dei syrlege bringebæra friskar godt opp.
[recipe-foody]Ingrediensar til brownieostekake m/bringebær:
Brownierøre:
- 225 g mørk kokesjokolade (ca. 50-60 % kakaoinnhald)
- 150 g smør
- 3 egg
- 1 ½ dl sukker
- 2 ½ dl hvetemel
- 1 ts vaniljesukker
- 1 ss kakao
Osterøre:
- 150 g kremost, naturell
- ½ dl sukker
- 1 egg
- 1 ss hvetemel
- 1 ts vaniljeekstrakt
- 200 g bringebær (ferske eller fryste)
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 175 ºC.
Smelt smør og sjokolade i ein kjele på lav varme. Rør godt rundt til du har ei skinnande glatt blanding og la det avkjøle seg litt. Pisk eggedosis av egg og sukker og bland inn den avkjølte sjokoladesmørblandinga. Sikt deretter inn hvetemel, vaniljesukker og kakao og vend det raskt inn i røra til alt er blanda saman. Hell brownierøra i ei smurt firkanta form på ca. 24×24 cm med bakepapir i botnen.
I ein bolle piskar du kremosten mjuk og har i sukker, egg, hvetemel og vaniljeekstrakt og blandar det godt saman. Hell osteblandinga over browniesrøra i forma og bruk ein gaffel til å drage gjennom dei to laga og lag mønster. Trykk bringebæra forsiktig ned i kakerøra rundt om i forma. Sett så forma midt inn i steikeovnen og la steike i ca. 25 minutter. Sjekk kaka undervegs for å sjå om den er ferdig. Den skal vere fast i kantane men fortsatt lett dissande i midten. Unngå å steike kaka for mykje for då vil den bli svært tørr. Avkjøl kaka i forma før du serverer, gjerne med litt ferske bær eller iskrem.