Marokkansk hummus

DSC_0269

Hummus er ein fantastisk god dip laga av kikerter og er super å servere saman med både indiske og marokkanske rettar.

Det finst mange gode oppskrifter på hummus, men denne er den eg alltid fell tilbake på. Hummusen er god som dip til tortillachips, pitabrød, naanbrød og servert saman med indiske og marokkanske hovedrettar.

Ingrediensar til ein stor porsjon hummus:

  • 1 stor gul løk
  • 1 ½ dl vatn
  • 1 klype safrantrådar
  • 450 g kikerter
  • safta frå 1 sitron
  • 1 + 3 ss olivenolje
  • 3 ss tahini
  • 2 kvitløksfedd
  • 1 ts gurkemeie
  • ¼ ts cayennepeppar
  • 2 ts spisskummen
  • salt & peppar
  • paprikapulver til pynt

Skrell løken og del den i 8 båtar. Ha løk, vatn og safran i ein kjele og kok det under lokk i ca. 10 min på lav varme. Når løken er mjuk heller du av kokevatnet, men tek vare på det. Ha så løken og kikertene i ein foodprocessor saman med litt av kokevatnet og kjør til du får ei glatt masse.

Tilsett så litt sitronsaft, 1 ss olivenolje, kvitløksfedd, tahini, gurkemeie, cayennepeppar og spisskummen og kjør massen vidare. Ha så i resten av olivenoljen og bland godt saman igjen. Om nødvendig tilsetter du meir av kokevatnet for å få ein glatt og mjuk blanding.

Smak så til med salt og peppar og eventuelt meir sitronsaft. Ha hummusen over i ei skål. Dryss så litt olivenolje og paprikapulver over rett før servering.

DSC_0252

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *