Melkesjokoladeterte med salta karamelliserte pistasjnøtter & kaffekrem

DSC_0174

Sjokoladeterte med melkesjokoladeganache, salta karamelliserte pistasjnøtter og ein bittersøt kaffekrem ved sidan av. Med nøtter, karamell, sjokolade, havsalt, kaffe og krem inneheld denne terta dei fleste av mine favorittsmakar og er ei skikkeleg konfektkake for deg som likar det søtt.

Tertedeig er eit godt utgangspunkt for mange gode dessertar og med både søte og salte versjonar er det mange moglegheiter. Denne tertebotnen er av den salte typen og gjer seg derfor godt saman med søtt fyll som skapar ein fin balanse mellom dei søte og salte elementa. Dei karamelliserte pistasjnøttene på toppen kan du bytte ut med andre typar nøtter om du heller foretrekker det, men eg valde pistasjnøtter sidan det er min favoritt. Er du mest glad i mørk sjokolade kan du fint erstatte den lyse kokesjokoladen med ein mørkare variant. Terta er som ei konfektkake og smakar nydeleg godt til ettermiddagskaffen.

DSC_0211

Ingrediensar til sjokoladeterte for ca. 8-10 personar:

Tertedeig:

  • 250 g kveitemjøl
  • 125 g smør, kaldt & i terningar
  • 1 raus klype salt
  • 2 eggeplommer
  • 4 ss kaldt vatn

Melkesjokoladeganache:

  • 200 g lys kokesjokolade av god kvalitet
  • 70 g demerarasukker
  • 2 dl kremfløte
  • ½ ts havsalt

Karamelliserte pistasjnøtter:

  • 50 g sukker
  • ½ ts maldonsalt
  • 50 g pistasjnøtter

Kaffekrem:

  • 2 ts pulverkaffe +  2 ts varmt vatn
  • 1 ½ dl kremfløte
  • 2 ss sukker

Det fyrste du gjer er å lage tertebotnen. Ha kveitemjøl og salt i ein bakebolle og bland det saman. Ha i smørterningane og bruk fingrane til å kna inn smøret i kveitemjølet til du sitt igjen med ei blanding som ser ut som sand. Tilsett eggeplommene og halvparten av vatnet og rør det godt saman med ein gaffel til deiga samlar seg. Tilsett resten av vatnet ved behov til du får ei fast deig som heng saman. Ikkje jobb for lenge med deiga slik at smøret smeltar. Form deiga rund og trykk den lett flat slik det blir lettare å kjevle ut etterpå. Pakk inn i plastfolie og legg kaldt i kjøleskap i ca. ½ – 1 time.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC og finn fram ei terteform (helst med laus botn) på ca. 24 cm. Strø litt kveitemjøl på benken og kjevle ut deiga til ein sirkel som er ca. ½ cm tjukk og nokre cm større i diameter enn terteforma. Ha tertedeiga i forma, trykk den godt ut i kantane og kutt vekk eventuell overflødig deig på kantane med ein kniv. Blindsteik terta midt i ovnen i ca. 18 minutter (ha bakepapir i botnen på terta og fyll med tørka erter). Ta deretter ut bakepair og erter og steik vidare i ca. 3-5 minutter, til terta er gylden i kantane og gjennomstekt i botnen. Avkjøl på rist.

For å lage melkesjokoladeganachen har du kokesjokolade, sukker og fløte i ein bolle over vannbad og lar det smelte. Rør litt rundt i blandinga innimellom. Ganachen er ferdig når alt er smelta og du har fått ein tjukk og glansfull sjokolade. Rør inn saltet og bland godt. Hell sjokoladeganachen i den avkjølte tertebotnen og sett det kaldt i kjøleskapet i 2-3 timar eller til sjokoladen har stivna.

DSC_0220

For å karamellisere pistasjnøttene varmar du opp ei lita steikepanne til den er god og varm. Ha i sukkeret og la det smelte på middels varme til alt sukkeret er oppløyst og det har fått ein gyldenbrun karamellfarge. Rør inn maldonsaltet. Ha deretter i pistasjnøttene og rør godt rundt til alle nøttene er dekte av karamell. Hell blandinga over på eit bakepapirkledd steikebrett eller liknande og la det det avkjølast heilt til karamellen stivnar og blir hard. Bruk ein kniv og hakk opp nøttene grovt og strø over ønska mengde nøtter på den avkjølte terta.

Til å servere ved sidan av sjokoladeterta kan du lage ein kaffekrem om du har lyst. Ha pulverkaffe og varmt vatn i ei lita skål og rør ut. La det avkjøle seg. Ha deretter kaffe, kremfløte og sukker i ein bolle og pisk til stiv krem. Server terta med ein god klatt kaffekrem og ein kopp kaffe og nyt!

DSC_0212

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *