Mellomgrove surdeigsrundstykker

DSC_0764

Ingenting er bedre enn å stå opp til frokost med ferske rundstykker på bordet. Når brødet eller rundstykkene til og med inneheld surdeig er gleda enda større. Surdeigsbrød gir ein heilt annan smak og sett eit høgre nivå for brødbakinga, og i tillegg er det bedre for magen dersom du som mange er sensitiv for bakst med mykje gjær.

Denne gongen har eg laga litt grovare rundstykker med surdeiga. Sjølv om dei blir mest luftige og lette med finare meltypar så blir desse allikevel både saftigare og luftigare, og med ein bedre struktur enn vanleg gjærbakst. Surdeig er ein av dei eldste teknikkane for å bake brød i verda, men har dei siste åra komme hardt tilbake. Har du fyrst begynt å bruke surdeig i brødbakinga, så kjem du garantert til å fortsette. Smaken er ikkje til å sammenligne med vanleg gjærbakst!

Desse rundstykka inneheld allikevel litt gjær sidan du kan lage dei som kaldheva rundstykker over natta, då treng dei ein liten ekstra piff for å heve godt.

Ingrediensar til ca 18 surdeigsrundstykker:

  • 200 g surdeigstarter
  • 7,5 dl romtemperert vatn
  • 10 g fersk gjær
  • 450 g hvetemel
  • 450 g fullkornsmel
  • 275 g grovt sammalt hvetemel
  • 3 ts salt
  • sesamfrø,solsikkefrø eller anna til strøssel

Bland alt unntatt saltet i ein eltebolle og la elte sammen i ein kjøkkenmaskin på høg fart i ca. 2 min. La deiga så stå og kvile litt, 20-30 min, før du har i saltet og eltar deiga godt i 10 min til den er glatt og smidig og slepp kantane i bakebollen. Sett så deiga til heving med plastfolie over og la stå i ca. 3 timar eller til dobbel størrelse.

Del deiga opp i ca. 18 emner og trill bollar av dei. På eit lavt fat har du i 50/50 av solsikkefrø og sesamfrø ( evt. andre typar frø du måtte ønske) og fyll ein liten bolle med kaldt vatn. Så dyppar du oversida av bollane i vatnet og deretter over i fatet med frø slik toppen på rundstykka blir dekte med frø. Sett så rundstykka med frøa opp på eit bakepapirkledd steikebrett, dekk med plast eller kjøkkenhandklede og sett dei enten i kjøleskapet til heving over natta, eller til heving på ein lun stad i ca. 2 timar eller til dobbel størrelse.

Kaldhevar du rundstykka i kjøleskapet over natta, tek du ut brettet og sett det på benken i det du sett på steikeovnen på 230 grader. Skru så ned temperaturen i ovnen på 220 grader i det du sett inn brettet og steik dei i ca 15-18 min.

Det geniale med denne deiga er at om du brukar litt tid dagen før til å sette deig og trille rundstykker, så har du to klare brett med rundstykker neste morgon. Vips så har du nysteikte varme rundstykker til frokosten, uten å ha stått opp klokka 05.00 om morgonen for å sette deiga!

Server rundstykka ferske med godt pålegg. Ein favoritt her i huset er for eksempel brie/gouda/blåmuggost med litt ripsgelé eller ein liten klatt honning med valnøtter over. Den smakskombinasjonen er fantastisk god og burde absolutt prøvast. Andre forslag er røyka laks med salat, majones og sitronpeppar, eller berre heilt enkelt med spekeskinke og ost. Rundstykka er også supre å fryse ned, så har du alltid ferske og heimebaka rundstykker klare!♥

DSC_0721

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *