Mini baguettesnurrar

[dropcap]T[/dropcap]reng du noko enkel brødbakst som tilbehør til middagen i eit festmåltid eller til helga, så er desse lyse og luftige baguettesnurrane perfekte.

Desse små baguettesnurrane er laga kun på fint hvetemel og er nok ikkje det eg ville servert som kvardagsbrød, men dei er det perfekte tilbehør til litt finare middagsmåltider når du for eks. har gjestar. Dei er veldig luftige og har ei fin skorpe på utsida, medan dei inni er mjuke og gode. Oppskrifta er enkel og tidsmessig er dette eigentleg gjort på eit blunk.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 8 stk mini baguettesnurrar:

  • 10 g gjær (helst fersk)
  • 500 g hvetemel
  • 10 g salt
  • 350 g vatn

[/recipe-foody]

Smuldre gjæren inn i hvetemelet  i ein bolle og tilsett så salt og vatn. Bruk handa og rør rundt i bollen og kna til deiga begynner å samle seg. Ha så deiga ut på kjøkkenbenken og kna og strekk i den ei god stund til den samlar seg og blir til ein smidig og glatt deig. Dette kan ta 5-10 minutter. At du eltar deiga godt for hand her er oppskrifta på å få dei luftige og lette. Sett så deiga til heving i ein bolle med plastfolie over og la stå i 1 time.

Forvarm steikeovnen til 250 ºC. Ha deiga ut på kjøkkenbenken og trykk den lett utover til eit rektangel på ca. 2 cm tjukkelse. Pensle deiga med litt vatn og strø over eit godt lag med maismel eller fullkornsmel. Brett deiga over seg sjølv slik ho ligg dobbelt og stopp ca. 3 cm frå kanten. Pensle denne delen med vatn og forsegl deiga saman.

DSC_0932

Legg eit linklede eller kjøkkenhandklede på benken og strø eit godt lag med hvetemel over, plasser deiga oppå med skjøten ned og strø hvetemel over. Dekk så deiga med enda eit kjøkkenhandklede og la den heve på ein lun plass i 30 min, eller til dobbel størrelse.

Kutt så deiga i 3 cm breie strimlar, snurr dei rundt seg sjølv nokre gongar og legg på eit bakepapirkledt steikebrett. Sett brettet inn i steikeovnen, skru temperaturen ned litt ( til ca. 230 ºC) og steik baguettesnurrane i ca. 12-15 min, eller til dei er gyldent brune.

Server dei varme med ein god klatt ekte meierismør på og ha som tilbehør til suppe, gryte eller andre rettar.

DSC_0938

Rustikke, lette og luftige småbrød!

 

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*