Mini galette med eple & karamell

7oSOoLs4S6mXAAWBa56XeA_thumb_71cc

Galette er frå det franske kjøken og er rustikk pai som er steikt utan form. Desse små mini-utgåvene er fylte med syrlege eple, karamellsaus og kanel.

Nyteikte lune terter med søt karamell, syrleg eple og masse smak av kanel er perfekt dessert på hausten. Serverer du dei saman med ein klatt iskrem, krem eller kesam har du ein flott dessert. I tertene har eg brukt salt karamellsaus som du finn i dette innlegget frå tidlegare. Karamellsausen kan du gjerne lage på førehand slik det går raskt å lage tertene før servering.

ossf3UQdTOeamkvDB%K9XA_thumb_71e0N1lTwi3XQ7qkhzXBNOr60Q_thumb_71e5

Ingrediensar til ca. 6 stk:

Tertedeig:

  • 250 g kveitemjøl
  • 160 g smør, kaldt og i terningar
  • ½ dl heilmjølk
  • 5 g salt
  • 15 g sukker
  • 1 eggeplomme

Karamellsaus:

  • 2 ½ dl sukker
  • 0,6 dl vatn
  • 1 ts lys sirup
  • 1 ¼ dl fløte
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • ½-1 ts havsalt

 

  • 4  små aromatiske eple (helst norske)
  • 1 ss kanel
  • 1 ss sukker
  • sitronjuice
  • ein neve mandlar, hakka
  • 1 egg, til pensling

Lag tertedeiga klar ca. 1 time før bruk. Ha kveitemjølet i ein bolle og kna inn smøret til du får ein smulete konsistens. Lag ei fordjuping i mjøl-og smørblandinga og hell i mjølk, salt, sukker og eggeplomme. Bruk fingertuppane til å røre rundt i blandinga og drag med litt og litt av mjølet i væska. Kna så deiga raskt saman til ho samlar seg og form den rund og trykk den lett flat, til ca. 2 cm. Pakk inn i plastfolie og lat ligge i kjøleskap i ca. 1 time.

Medan deiga kviler kan du lage karamellsausen. Ha sukker, vatn og sirup i ein medium stor kjele med høge kantar. Lat det koke opp under omrøring på høg varme slik at sukkeret løyser seg opp. La blandinga koke utan at du rører i det i ca. 5-10 minutter eller så lang tid det tek før sukkersirupen har fått ein lys gyldenbrun karamellfarge. Pass på då det går fort frå fin karamellbrun til brent karamell på dette punktet. Skru så ned til lav varme og hell i fløten i ein tynn stråle medan du rører godt rundt. Pass på så det ikkje boblar opp på deg. Ha i vaniljeekstrakt og salt og lat det fortsette å koke i 1 minutt. Ta så av varmen og hell over i glaskrukke eller liknande. Avkjøl litt og så har du varm karamellsaus klar til bruk.

Forvarm steikeomnen til 180 ºC. Skrell epla og skjær i båtar. Skjær deretter båtane i tynne skiver på ca. 2-3 mm. Ha i ei skål saman med kanel og sukker og skvis litt sitronjuice over. Bland godt saman. Kjevle den avkjølte tertedeiga til den er ca. 4 mm tjukk. Bruk ei form eller eit fat og trykk ut sirklar på ca. 14-15 cm i diameter. Fordel epla utover på midten av kvar deig-sirkel og fordel ca. 1 ts med karamellsaus på kvar av dei.  Brett deiga inn på sidene slik du pakkar inn epla, men let det vere ope i midten. Set på bakepapirkledd steikebrett og pensle med samanpiska egg rundt kanten på deiga. Strø over hakka mandel og set midt i steikeomnen. Lat steike i ca. 15-20 minutt, til tertene er gyldne og sprø. Server lune saman med ønska tilbehør!

xUYnsOLcRpKoD89VepVuUQ_thumb_71d1

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *