Mjuke karameller

DSC_0105

Karameller er noko dei aller fleste heimar har til jul i både den eine og andre varianten. Nokon likar mjuke karameller og nokon likar harde karameller som minner meir om små drops. Eg likar karameller i ein mjuk og seig variant, slik som denne.

Karamell passar saman med det meste og har du lyst kan du også bruke desse karamellene til forskjellig konfekt og baking. Har du lyst på noko ekstra godt kan du også dyppe karamellene i sjokolade og strø havsalt på toppen. Uansett form og variant så er denne karamelloppskrifta enkel å lage og smakar nydeleg. Hugs berre på å bruke ei stor kjele med høge kantar, for her boblar det godt opp. Eit sukkertermometer er også greit å ha.

DSC_0087

Ingrediensar til ein stor porsjon karameller:

  • 5 dl fløte
  • 150 g smør
  • 1 vaniljestang
  • 3 dl sirup
  • 6 ½ dl sukker
  • 1 ts salt

Kle ei firkanta form på ca. 21x 21 cm med bakepapir og smør det inn med litt smør. Del vaniljestanga i to på langs og skrap ut frøa med ein kniv. Ha vaniljestang, vaniljefrø, fløte og halvparten av smøret i ein kjele og varm det opp over medium varme til det nesten når kokepunktet og smøret er smelta. Trekk til sides og legg over eit lokk.

Ha sirup og sukker i ein stor kjele med høge kantar og sett det på plata over medium varme. Rør til det smeltar og sukkeret er oppløyst. Når det begynner å koke kan du legge på eit lokk og la det stå urørt i ca. 4 minutter slik at sukkeret som har krystallisert seg i kantane på panna fordampar ned i kjelen. Ta deretter av lokket og la karamellen koke utan at du rører i det til det når 160 ºC. Ta ut vaniljestanga frå fløten og hell det forsiktig over i sukkersirupen medan du rører rundt. Pass på så du ikkje heller i for mykje i gongen slik det boblar opp på deg. La så karamellen koke til den når 120 ºC under stadig omrøring for å få ein mjuk og seig karamellkonsistens. Ta kjelen frå varmen og rør inn resten av smøret og saltet, bland godt saman og hell den varme karamellen over i den bakepapirkledde og smurte forma. Avkjøl på kjøkkenbenken i nokre timar og sett deretter i kjøleskap for fullstendig avkjøling. Så er det berre å skjære opp mjuk og seig karamell i passande bitar og pakke inn i papir. Om du vil kan du også strø litt maldonsalt på toppen. Oppbevar karamellene i kjøleskap slik dei ikkje siger utover. Søtt og salt som er nydeleg godt!

DSC_0088

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *