Mjuke minitortilla

[dropcap]D[/dropcap]esse heimelaga minitortillalefsene er mjuke og saftige og perfekte til å fylle med taco eller andre gode smårettar. Tortillalefsene slepp lang hevetid og går raskt å steike, men uansett så synest iallefall eg at det er verdt den tida det tek.

Det å lage sine eigne tortillalefser gir ein svært tilfredstillande følelse og i tillegg får ein bestemme sjølv kva som skal vere i lefsene. Om du vil ha litt meir fiber i lefsene og bruke grovare mjøl kan du gjerne bytte ut litt av kveitemjølet med fullkornsmjøl eller liknande, men hugs også på at det dei ikkje vil vere fullt like mjuke og saftige. Tortillalefsene er supre å fryse ned og ta opp i porsjonar ved bruk.

DSC_0433

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 10-12 stk minitortilla:

  • 5 ½ dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 2 ss smør, romtemperert
  • 2 dl lunka vatn

[/recipe-foody]

Bland saman alt det tørre i ein bakebolle og bruk ein gaffel til å røre inn det mjuke smøret. Tilsett vatnet og rør godt rundt til du får ei fast og mjuk deig. Dersom deiga klistrar for mykje kan du tilsette meir kveitemjøl, men pass på at du ikkje brukar for mykje slik at deiga blir kompakt. La deiga kvile i ca. 10 minutter under eit kjøkkenhandklede.

Varm opp ei tørr teflonsteikepanne eller eventuelt bruk ei steiketakke om du heller vil det. Del deiga i 10-12 små emner og trill dei til runde bollar. Kjevle bollane ut til runde små lefser på ca. 2 mm tjukkelse. Medan du kjevlar ein og ein bolle er det lurt å la resten av deigbollane ligge tildekte under kjøkkenhandklede slik at dei ikkje blir tørre på overflata. Bruk gjerne litt kveitemjøl på både underlag og kjevle når du kjevlar ut tortillalefsene dersom dei klebar seg fast. Steik tortillalefsene på middels høg varme i ca. 1 min på eine sida slik dei får små brune flekkar, og snu deretter og steik i ca. ½ min på andre sida også. Dersom lefsene enten blir for raskt brune eller for lite stekte på denne tida justerer du berre varmen opp eller ned. Legg dei ferdig stekte tortillalefsene i ein haug under eit lett fuktig kjøkkenhandklede slik dei held seg mjuke og saftige.

2DBAFE3D-763E-44DB-862803C9A249CF3B-B7FE9AD9-87BA-49E0-82382A6CA32562FD

2 Kommentarar

  1. Hei! Kan disse lages med grovere mel?

    • Hei! Beklagar utruleg seint svar!? dei kan fint lagast med grovare mjøl, men regn med å justere vatnmengda litt og kanskje steiketida litt , for å unngå tørt resultat!??

Legg att eit svar til Mari-Lene Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*