Mokka-iskaffe

e+apCgHqRiiRJL8a%JtIig_thumb_6d8a

Når varmen og sola kjem fristar det med avkjølande drikker. Denne iskaffen er som ein liten dessert og kan gjerne minne om milkshake i konsistens. Nydeleg godt!

Til denne iskaffen har eg laga min eigen sjokoladesirup som smakar ganske bittert av kakao og derfor ikkje gir ein alt for søt iskaffe. Du kan sjølv velje å lage sirup du også eller bruke ferdig sjokoladesaus eller liknande frå butikken. Sødmen på iskaffen justerer du enkelt sjølv ved å tilsetje meir eller mindre sjokolade og alt etter kva type du brukar.

tZnlMd8FTVKs5dvAEAK%Og_thumb_6d87

Ingrediensar til eit stort glas mokka-iskaffe:

Sjokoladesirup (rekk til mange porsjonar):

  • 1 ½ dl sukker
  • 3 dl vatn
  • 1 ¾ dl bakekakao
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 klype salt

Iskaffe:

  • 1 ½ dl sterk kaffe, avkjølt (lag den gjerne så sterk at den ikkje kan drikkast som vanleg kaffe)
  • 2-3 kuler vaniljeiskrem (gjerne etter denne oppskrifta)
  • 2 ss sjokoladesirup (etter oppskrifta ovanfor)
  • ein neve isbitar
  • evt. krem, til servering

For å lage sjokoladesirupen har du sukker og vatn i ein kjele og gir det eit oppkok. La det småputre nokre minutt til sukkeret er oppløyst. Ha i bakekakao og la det småputre i ca. 2-3 minutt, til sirupen har tjukna. Rør inn vanilje og salt. Hell den ferdige sirupen over på ei lita flaske og avkjøl før bruk.

Ha avkjølt kaffe, iskrem, sjokoladesirup og isbitar i ei smoothiemaskin eller liknande og kjør til ei jamn masse. Juster eventuelt med meir eller mindre av ingrediensane for å få den styrken og konsistensen du ønskar. Server gjerne med nypiska kremfløyte og nyt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *