Mørk brownie med salta karamelliserte nøtter

[dropcap]E[/dropcap]in skikkeleg brownie skal vere intens på smak, kladdete i konsistens og innehalde sjokolade med høgt kakaoinnhald for å kome øverst på lista over brownies med meg. Denne utgåva fyller alle desse krava og har i tillegg knasande bitar av salta og karamelliserte nøtter i seg som gir ein fin kontrast.

Brownies er nok den sjokoladekaka eg har baka alle mest opp igjennom åra, og stod på menyen allereide i ung alder. Akkurat denne brownie-oppskrifta er ei oppskrift eg hadde som favoritt for nokre år sidan, men som no har blitt fornya og endra ein del på. Det skal også seiast at eg har rukke å bake denne kaloribomba heile to gongar på berre ei vekes tid, så her snakkar vi skikkeleg kakefavoritt! Kaka er ganske mektig og held til mange personar sidan ein fint klarer seg med eit lite stykke kvar. Ekstra god blir den om du serverar den saman med friske bringebær. Det fine med ei slik browniekake er også at den fint kan frysast ned og sparast til seinare anledningar (dersom du klarer å motstå fristelsen).

DSC00667

[recipe-foody]Ingrediensar til ei rund browniekake for ca. 10-12 personar:

  • 180 g smør
  • 200 g mørk kokesjokolade (70 % kakaoinnhald)
  • 3 dl sukker
  • 3 egg
  • 3 ½ dl kveitemjøl
  • 2 ts ekte vaniljesukker
  • 1 toppa ts bakepulver
  • 1 klype salt

Karamelliserte & salta nøtter:

  • 70 g nøtter (blanding av pistasjnøtter, mandlar og valnøtter)
  • 70 g sukker
  • ca. ½ ts havsalt
  • evt. litt ekstra maldonsalt (til toppen av kaka)

[/recipe-foody]

Start med å lage dei karamelliserte nøttene. Grovhakk nøttene. Smelt sukkeret på middels varme i ei tørr steikepanne. La sukkeret få ein gylden karamellfarge. Hald auge med panna heile tida slik det ikkje brenner seg. Når du har fått ein fin karamellfarge tilsetter du nøttene og havsaltet og rører godt rundt i det. Hell nøtteblandinga utover eit steikebrett eller ei anna glatt overflate som tåler varme og la det avkjøle seg og stivne. Grovhakk deretter dei harde karamelliserte nøttene lett.

Forvarm steikeovnen til 150 ºC og kle ei springform på 24 cm med bakepapir i botnen.

Smelt smør og grovhakka kokesjokolade på lav varme i ein kjele. Rør litt rundt i det slik at det blandar seg saman og ikkje brenn seg fast i botnen. Avkjøl eit par minutter og tilsett deretter sukkeret og bland det godt. Rør inn egga eitt om gongen og rør godt mellom kvart av dei. Ha deretter i kveitemjøl, vaniljesukker, bakepulver og salt. Bland saman. Fordel ca. halvparten av kakerøra i springforma og strø deretter ca. halvparten av dei karamelliserte nøttene over. Ha resten av kakerøra over der igjen og topp med resten av nøttene. Strø gjerne på nokre ekstra flak med maldonsalt til slutt. Sett kaka på rist midt i steikeovnen og la stå i ca. 34-35 minutter. Kaka skal ha stivna i kantane og ha ei sprø overflate men disse lett i midten når den er ferdig. Avkjøl heilt i forma før du skjærer i den.

Helst bør kaka ha stått i kjøleskapet over natta før du serverer den for å få ein ekstra god konsistens. Nyt gjerne saman med friske bær!

DSC00674

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*