Mozartkuler

DSC_0120

Nok ei oppskrift på ein søt liten fristelse som passar fint til juletida. Desse små mozartkulene har eit tynt lag med mørk sjokolade utanpå, seig og god pistasjmarsipan inni og ein liten bit søt nougat i midten.

For meg er mozartkuler av den beste konfekt eg kan få og nettopp derfor har den fått plass som julesnop hos meg kvart år. Marsipanen som er inni lagar eg som regel av pistasjnøtter, men vil du heller ha vanleg marsipan byttar du det berre ut med mandlar. Når det gjeld nougaten inni så har eg faktisk juksa litt og kjøpt ferdig nougat frå Odense sidan den er veldig god og det skal gå kjapt å lage.

Ingrediensar til ca. 28 stk mozartkuler:

Pistasjmarsipan:

  • 150 g pistasjnøtter
  • 150 g melis
  • 1 eggekvite (ca. 30 g)
  • ca. 150 g nougat (Odense)
  • 200 g mørk kokesjokolade

Mal pistasjnøttene til mel i ei mandelkvern og bland det saman med melis i ein bolle. Tilsett eggekvite litt og litt til du får ei fast og samanhengande marsipandeig. Den skal verken vere for tørr eller alt for klissete. Pakk inn i plastfolie og avkjøl litt før bruk slik den er lettare å jobbe med. Legg også nougaten i kjøleskap slik den er lettare å skjære opp ved bruk.

Skjær nougat i passande små firkanta bitar på ca. 1 cm. Trill passande kuler av pistasjmarsipanen (mine blei på ca 12 g pr. kule) og trykk dei litt flate igjen. Legg ein bit nougat midt på kvar kule og brett marsipanen rundt og trill til runde kuler igjen. Sett til avkjøling medan du smeltar sjokoladen.

Hakk opp sjokoladen fint og smelt den forsiktig over lav varme i vannbad. Dypp mozartkulene i sjokoladen til dei er dekte på alle sider og bruk ein gaffel til å fiske dei opp igjen og legg på eit brett med bakepapir. Pynt gjerne med litt kakegullstøv eller liknande. Avkjøl kulene i kjøleskap før du flyttar på dei. Ha deretter over på eit fint glas eller ei kakeboks og oppbevar i kjøleskap i ca. 2 vekers tid.

DSC_0109

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *