Multeostekake med pepperkakebotn

[dropcap]D[/dropcap]en siste dagen i året er snart komen og kanskje treng du ein dessert eller noko attåt kaffien til å servere nyttårsgjestar? Då er denne stekte ostekaka med multer og pepperkakebotn perfekt!

Multer og kremost harmonerer fint saman med sprø og krydra pepperkaker og gir ein nydeleg smak. Ostekaka har ein voksen smak som bærer preg av krydra kjeksbotn og den litt særeigne friske og søte smaken frå multene. I tillegg til å smake nydeleg er dei gule og saftige bæra også sunne og næringsrike. Server kaka gjerne etter nyttårskalkunen for å få ein flott middagsmeny.

DSC_0035

[recipe-foody]Ingrediensar til multeostekake:

Kjeksbotn:

  • 225 g pepperkaker
  • 75 g smør, smelta

Multecoulis:

  • 150 g multer, tinte
  • 1 ss vatn
  • 1-2 ss sukker

Ostefyll:

  • 400 g kremost, naturell
  • 200 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 300 g seterrømme
  • 3 egg

Rømmetopping:

  • 1 dl fløte
  • 1 dl lettrømme
  • 1-2 ss sukker

Multesaus:

  • 200 g multer
  • 2 ss appelsinsaft
  • sukker
  • multer til pynt

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Ha multer, vatn og sukker i ein kjele og kok det forsiktig opp. La blandinga småputre litt i ca. 2-3 minutter. Bruk deretter ein stavmiksar til å kjøre blandinga til ein tjukk purè. Om du vil kan du sile blandinga for å få ein glattare bærsaus, men eg synest det er godt med litt små bærsteinar som gir litt kontrast. Avkjøl multesausen til bruk.

Ha pepperkaker i ein foodprocessor og kjør til du får ei smulete blanding. Tilsett det smelta smøret og kjør til alt er godt blanda. Har du ikkje foodprocessor kan du ha pepperkakene i ein pose og bruke ei kjevle til å knuse dei. Kle ei springform på ca. 24 cm med bakepapir og trykk blandinga godt nedi botnen av forma. Bruk gjerne ein potetstappar for å få eit jamnt og flatt lag. Sett forma inn i steikeovnen og la kjeksbotnen  steike i ca. 10-12 minutter. Avkjøl på rist.

Forvarm ovnen til 130-140 ºC. Bland saman kremost, sukker og vaniljesukker i ei kjøkkenmaskin. Tilsett seterrømme og bland til ei glatt røre. Ha deretter i egga eitt og eitt om gongen og bland godt mellom kvart av dei. Til slutt tilsetter du multesausen du laga tidlegare og vender den godt inn i osteblandinga. Om du vil kan du gjerne sette nokre heile multer på toppen av pepperkakebotnen før du forsiktig heller osteblandinga over kjeksbotnen og fordeler utover i eit jamnt lag. Sett ostekaka inn i den forvarma ovnen og steik i ca. 60-70 minutter. Her vil steiketida variere etter type ovn og varme. Kaka er ferdig når den har blitt gylden i kantane og har fått ei fast overflate som ikkje klissar når du forsiktig legg ein finger oppå. Ta ut kaka og la den kvile i nokre minutter medan du rører saman fløte, rømme og sukker til toppingen. Test fyrst med ei ts av toppingen oppå ostekaka, om det går bra å legge oppå kan du forsiktig fordele toppingen på toppen av kaka i eit tynt lag. Sett kaka tilbake i ovnen i ca. 4-5 minutter. Ta ut kaka og avkjøl den heilt før du setter den kaldt i kjøleskapet til neste dag.

DSC_0052

Til å servere på toppen av ostekaka kan du lage ein multesaus ved å ha multer i ein stavmiksar og kjøre til ein purè. Bland inn appelsinsaft og smak til med sukker. Behold gjerne nokre heile multer til pynt.

DSC_0058

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*