Naanbrød

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga naanbrød er fantastisk godt til indiske/marokkanske rettar og som snack saman med gode dippar og lignande.

Naanbrød er ei sjølvfølge til indiske gryter og saman med hummus og liknande her i huset. Sidan eg begynte å lage eigne naanbrød har eg ikkje kjøpt ferdige frå butikken lenger. Dei heimelaga brøda smakar såå mykje bedre og er selvfølgeleg så mykje ferskare og smakfulle. Det er heller ikkje spesielt tidkrevande eller vanskeleg å lage dei sjølv.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 10 medium store naanbrød:

  • 825 g hvetemel
  • 2 ts salt
  • 25 g gjær
  • 2 ss nigellafrø
  • 1 ½ dl gresk yoghurt, tjukk type (eg brukar Lindahls)
  • 3 ½ dl vatn

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane i ein bakebolle i ei kjøkkenmaskin og elt deiga godt i ca. 10 minutter. Når deiga har blitt glatt og smidig formar du til ein ball og dekker med plastfolie og setter til heving i ca. 1 ½ – 2 timar eller til dobbel størrelse.

Varm opp ei steiketakke eller ei tørr steikepanne. Strø hvetemel på kjøkkenbenken og del deiga i ca. 10 emner og trill til bollar. La dei kvile i 5 minutter før du kjevlar ut til ca. ½-1 cm tjukke ovale flater. Legg på den forvarma takka og steik i ca. 3-4 minutter på kvar side, eller til dei har fått gyldne brune flekkar og hevar seg opp ein del. Her må du følge med og variere steiketida sjølv etter kor sterk varme du brukar og kva du steiker på. Avkjøl på rist før du legger dei oppå kvarandre inni eit kjøkkenklede slik dei held seg mjuke.

Naanbrøda smakar aller best heilt ferske saman med kvitløkssmør og indiske matrettar, men er også supre til frysing. Så har du alltid heimelaga naanbrød til middagen i ein fei. Har du lyst på litt meir smaksrike naanbrød kan du tilsette fersk kvitløk eller koriander i deiga.

DSC_0298

2 Kommentarar

  1. Hei!

    Så fin blogg du har 🙂 Jeg har prøvd en del av dine oppskrifter, like godt alt sammen, men det er noen ting jeg ikke finner i butikkene. Bl a pepperrot sennep og persillerot paste. Jeg lurer derfor på hvor du får tak i dette?

    Mvh

    Silje Brosvik

    • Hei!
      Hyggelig å høre!:) Pepperrotsennep har eg kjøpt på Christiania Glassmagasin, fra Norgesglasset sine produkter. Den smakar fantastisk! FInner du ikkje det kan du heilt fint erstatte med annen type sennep som du sjølv synest smakar godt. Eg brukar sjølv å variere etter kva eg har tilgjengeleg, med like godt resultat 🙂 Persillerotpaste finn eg på daglegvarebutikkar som Bunnpris og Spar. Den brukar ofte å ligge saman med grønsaksdisken, i ei lita tube 🙂 Og finn du ikkje der du bor er det heller ikkje nokon stor fare å utelukke det 🙂 Håper dette var til hjelp!:)

      Mvh Mari-Lene

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*