Olivenbrød med sitron & rosmarin

QzDLS9GDS++TMc5ctFni%A_thumb_6dc4

På denne tida av året synest eg det er nydeleg godt med gode heimebaka brød med gode urter og smakar som minner om Middelhavsområdet. Dette brødet er fylt opp med greske kalamataoliven, sitronskal og fersk rosmarin som definitivt er smak av sol og varme.

Brødet er lett å lage og er steikt i støpejernsgryte som gir det ei utruleg god og sprø skorpe. Ved å steike i jerngryte får du i tillegg ein skikkeleg «boost» til brødet og det hevar seg godt opp og blir luftig med fine luftlommer og ein herleg tekstur. Olivenbrødet smakar svært godt saman med ein god salat og litt olivenolje eller oljedressingar og er perfekt til sommarmaten.

aof68%%6R86JK6KSJMHtVA_thumb_6dae

KpNM6i9ZTHCGMGbLtFC0QQ_thumb_6db0

Ingrediensar til eit rundt olivenbrød:

  • 10-11 dl kveitemjøl
  • 2 ts tørrgjær
  • 2 ts salt
  • 5 dl lunka vatn
  • 1 stor sitron, skalet
  • 2 store rosmarinkvistar, ferske
  • 1 stor neve kalamataoliven, utan stein

Ha ca. 10 dl av kveitemjølet i ein bakebolle saman med tørrgjær, salt og vatn. Elt deiga saman i kjøkenmaskin i ca. 10 minutt. Juster eventuelt med resten av kveitemjølet etter behov. Når deiga er glatt og smidig legg du den til heving i bollen under plastfolie til den er dobla i storleik, ca. 1 time.

Strø litt kveitemjøl på kjøkenbenken og hell deiga ut av bollen. Legg oliven, finrive sitronskal og finhakka rosmarin i midten av deiga og brett saman hjørna inn mot midten. Kna forsiktig inn fyllet til det er jamnt fordelt. Form deiga til ein rund ball, strø over litt kveitemjøl og dekk med eit kjøkenhandklede. La brødet etterheve på benken i ca. 30-45 minutt, til det er dobla i volum.

GwOz+bAvSvCBmWA0nf2kLQ_thumb_6dac

Sett inn ei støpejernsgryte med lokk i kald omn og forvarm steikeomnen til 240 º C. Når brødet er ferdig etterheva og omnen er god og varm snittar du brødet  med eit kryss på toppen med ein skarp brødkniv. Strø litt mjøl i botnen på gryta og flytt forsiktig brødet over i gryta og legg på lokket. La brødet steike midt i omnen under lokk i ca. 30 minutt. Skru deretter ned varmen til 220 ºC og ta av lokket. Steik vidare utan lokk i ca. 20 minutt, til brødet er sprøtt og gyldent. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *