Ostekake med karamellisert kvit sjokolade

DSC_0895

Inne i meg bor det eit lite dessert- og kakemonster. Kanskje er det eigentlig ikkje så lite heller. Det er muligens ganske stort dette monsteret. Kvar einaste veke i året kjem det ut av skalet sitt også, og står der på kjøkkenet og slikkar bollen.

Heldigvis er det mange som meir enn gjerne smakar på søtsakene. For lat oss vere ærlege, det er vel best å dele godsakene…MEN…og det er eit stort «men»… så er det ein ting eg lett kunne spist opp heilt aleine. Ostekake. Det er ikkje ei kva som helst slags ostekake. Nei, den må nemleg vere steikt. Etter eg laga mi fyrste steikte ostekake har eg ikkje laga den vanlege med gelèlokk lenger. For all del, det kan vere friskt og godt det, men eg har funne ein stor konkurrent.

Steikt ostekake får du i mange variasjonar og eg har fleire favorittar. Den fyrste eg laga er ein variant med smak av pasjonsfrukt. Den har eg både laga og spist ( klarer fint ei heil kake aleine eg, gi meg 2 dagar) mange gongar, så det var kanskje på tide å prøve ein ny. Denne smakar av syrleg ost, kvit sjokolade med brent karamellsmak og blåbær.

Ingrediensar til ei rund ostekake:

Kakebotn:

  •  ca. 20 stk Digestivekjeks (ca 200-250 g)
  • 100 g smelta meierismør
  • 1 ts kanel

Karamellisert kvit sjokolade:

  • 250 g kvit sjokolade (bør vere av god kvalitet, helst minimum 25 % kakaofett)
  • bittelitt havsalt

Blåbærsaus (valgfritt):

  • 125 g blåbær (gjerne frosne)
  • 2 ts brunsukker
  • 2 ts maizena
  • 2 dl vatn

Ostefyll:

  • 250 g philadelphiaost
  • 1 vaniljestang
  • 1 porsjon karamellisert kvit sjokolade ( sjå lenger opp)
  • 250 g rømme
  • 250 g creme fraiche
  • 25 g melis
  • 3 store egg
  • 1 beger ferske blåbær (til pynt ved servering)

Start  med å lage botnen til ostekaka. Forvarm steikeovnen til 150 grader og smør ei rund kakeform på ca. 20 cm med smør og bakepapir i botnen. Ha Digestivekjeks, smelta smør og kanel i ein foodprocessor og kjør til kjeksa er heilt knuste og massen er godt blanda. Fordel blandinga utover i den smurte forma og trykk den lett ned så overflata blir heilt jamn. Sett i ovnen og steik i ca 10-15 min til den blir gylden i kantane. Sett så til avkjøling.

Før du karamelliserer sjokoladen ( evt. samtidig) kan du lage blåbærsausen om du ønsker å ha det i kaka. Ha alle ingrediensane i ei kokepanne og kok opp blandinga. La så småputre i 3-4 min til det har tjukna litt i konsistens og kjør med ein stavmiksar så du får ein glatt saus. Hell over på ei flaske eller ei krukke og la det kjølne ned til du skal bruke sausen.

DSC_0789

Så kan du lage den karamelliserte sjokoladen. Skru steikeovnen ned til 120 grader og finhakk den kvite sjokoladen. Ha den over i ei ildfast form med stor overflate slik du får spreidd sjokoladen godt utover. Sett så inn i ovnen og la den stå i 10 min. Ta ut forma og bruk ein spatula eller slikkepott til å smøre den kvite sjokoladen som no har smelta godt utover. Sett så inn igjen sjokoladen i ovnen i 30-60 min, og fortsett å ta ut forma kvart 10. min for å røre godt rundt i sjokoladen. Etter kvart vil sjokoladen bli mørkare og kanskje også stivne litt og bli tørr og klumpete. Men ha tolmodigheit så vil du sjå at sjokoladen vil bli glatt igjen når du rører rundt. Sjokoladen skal ha ein gylden karamellfarge når den er ferdig. Dryss då bittelitt havsalt over og rør godt rundt så den blir glatt og fin. Du vil omtrent kunne sjå og lukte når den er ferdig. Her vil det variere veldig på kor lang tid det vil ta, men då eg laga det tok det faktisk litt over 60 min før den var ferdig.

DSC_0824

Til slutt lagar du ostefyllet. Skrap ut frøa frå vaniljestanga og ha det ei ein bolle saman med kremost og melis og miks det på høg hastigheit i ei kjøkkenmaskin. I ein bolle blandar du den noko avkjølte sjokoladen saman med creme fraiche og rører godt saman. Ha så sjokoladeblandinga og rømmen over i kremosten og bland det godt saman. Deretter har du i egga eitt og eitt i gongen mens maskina går på lav hastigheit. Når ostefyllet er godt blanda saman, heller du det over den steikte kjeksbotnen. Om du bruker blåbærsausen så heller du no ønska mengde over ostefyllet i sirklar og bruker så ein gaffel til å lage mønster. Sett kaka i ovnen og steik den i ca 60 min, til fyllet har stivna og såvidt dissar litt i midten. Skru av varmen og la kaka fortsette å stå i ovnen i 15 min. før du tek den ut og avkjøler på kjøkkenbenken. Sett så kaka i kjøleskap over natta.

Når du er klar for å servere kaka tar du ferske blåbær på toppen og gjerne eit lite dryss melis over. Har du lyst kan du også servere med resten av blåbærsausen ved sidan av.

 

Gjer som meg og nyt den kremete og nydelege ostekaka i godt selskap!

DSC_0976

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *