Ostekakeglas med kjeks & bringebær

Lettvinte dessertar med friske smakar er supert når søtsuget melder sin ankomst og ein ikkje har tid eller lyst til å stå og kokkelere i evigheiter. Denne ostekaka er laga på kort tid og treng ikkje verken steiking eller mykje utstyr. I botnen har du eit lag med knuste sjokoladekjeks som er dekt av frisk og syrleg ostekrem og toppa med bringebærpurè.

Smaken på denne desserten kan minne litt om ei blanding av ostekake og panna cotta, og då er det vel ingenting som tilseier at det blir anna enn godt. Desserten kan også lagast glutenfri om du brukar glutenfrie kjeks i botnen. Smaken er iallefall uansett både søt, frisk og syrleg!

hcCrTBEXT0aKBtHO99BV%A_thumb_685f

2wlwCRYFQSqgx7eqMWNhSA_thumb_686d

Ingrediensar til ca. 4 porsjonsglas med ostekake:

  • 125 g sjokoladekjeks (gjerne Oreo)
  • 2 plater gelatin + 4 ss vatn
  • 300 g Snøfrisk naturell kremost, romtemperert
  • 100 g sukker
  • 100 g lettrømme, romtemperert
  • 1 toppa ts vaniljesukker

Bringebærpurè:

  • 200 g ferske bringebær + ekstra til pynt
  • litt melis

Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ca. 5 minutt. Fjern eventuelt fyll i sjokoladekjeksa og ha kjeksa i ein liten plastpose. Knus kjeksa til smular ved hjelp av ei kjevle. Her kan du fint ha både store og små kjekssmular. Fordel kjeksa i 4 porsjonsglas. Ha kremost og sukker i ein bolle og rør det mjukt og luftig. Rør inn lettrømme og vaniljesukker. Ha gelatinplatene i ein liten kjele saman med ca. 4 ss av vatnet og smelt det forsiktig. Pass på for her går det ikkje mange sekunda før den er smelta. Eventuelt kan du også bruke mikrobølgeovn. Ha den smelta gelatinblandinga over i ostefyllet medan du piskar godt slik det ikkje skil seg. Bland det godt saman og fordel over kjeksa i porsjonsglasa. Sett i kjøleskapet til det har stivna, ca. 2 timar.

Ha bringebær i ein stavmiksar og kjør til purè. Smak til med melis. Fordel bringebærpurèen over ostefyllet og pynt gjerne med nokre heile bringebær på toppen. Server og nyt!

2 Kommentarar

  1. Hei))
    Kan eg lage desse kvelden før ?)
    Vil kjeksbunnen bli bløt?)

Legg att eit svar til Mari-Lene Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*