Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat

Ein brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.

Fortsett å les «Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat»

Thaifiskekaker

Det er lite som slår ferske og saftige heimelaga fiskekaker ein kvardag der fisk skal på menyen. Er du derimot lei dei vanlege fiskekakene med kvit saus er desse eit eksotisk innslag. Fiskekaker med asiatisk preg er fin variasjon til den klassiske utgåva vi brukar. Fiskekakene er laga av torsk med vårløk, raud curry paste og lime  og er servert saman med søt chilisaus.

Fortsett å les «Thaifiskekaker»

Biffspyd med satay-saus

Grilla biffspyd med satay-saus er smakfull og lettvint mat som passar godt no som vi er lei av mektig julemat. Satay-sausen er laga på knasande peanøttsmør og kokosmjølk, og er perfekt for deg som er glad i nøtter og asiatiske smakar. Retten har sitt opphav i Indonesia og er populær gatemat mange stader i Asia.

Fortsett å les «Biffspyd med satay-saus»