Panert torsk med rotgrønsaksfries & remulade

DSC_0719

Det å panere fisk kan gjere det enklare og meir spennande å få i seg meir fisk i kvardagen for både liten og stor. Her er det torsk som er panert i ei blanding av griljermjøl og pinjekjerner servert saman med fries av rotgrønsaker og heimelaga remulade.

Fisken treng kun nokre få minutter i panna og får ei sprø og knasande utside og saftig fiskekjøt inni.  Som fries har eg brukt potet, gulrot og persillerot, men det kan du variere etter kva du sjølv har av rotgrønsaker.

Saman med fisk og grønsaker har eg også servert heimelaga ketchup og remulade. Remulade er ein kald saus som er basert på majones blanda saman med krydder og gjerne fløte eller rømme. Remulade passar fint til fisk og sjømat og smakar også nydeleg saman med den panerte torsken.

DSC_0737

Ingrediensar til panert torsk & rotgrønsaksfries for ca. 3-4 personar:

Panert torsk:

  • 400 g fersk torskefilet, uten skinn & bein
  • 70 g pinjekjerner
  • 1 dl griljermjøl
  • 2 ss fersk persille
  • skalet frå 1 sitron, finriven
  • 1 dl kveitemjøl + salt & peppar
  • 1 egg

Rotgrønsaksfries:

  • 400 g potet
  • 200 g gulrot
  • 200 g persillerot
  • olivenolje
  • 1 ss paprikapulver
  • salt & peppar

Remulade:

  • 1 dl majones
  • ½ dl lettrømme
  • 1 ss dijonsennep
  • 1 ts kapers, finhakka
  • 1 ss fersk persille, finhakka
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 klype chiliflak
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Til servering:

  • grøn salat
  • reddik, i tynne skiver
  • ketchup (gjerne etter oppskrift her)

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Vask poteter, gulrot og persillerot, men behald gjerne skalet på om du vil det. Skjær deretter i stavar på ca. 1 cm og legg alt i ein bolle. Dekk med vatn og la det ligge i nokre få minutter. Hell deretter av vatnet og tørk grønsakene godt. Fordel utover eit steikebrett og strø over paprikapulver, olivenolje, salt og peppar og bland det godt saman med fingrane. Legg det utover igjen slik det overlappar kvarandre minst mogleg. Sett midt i steikeovnen og la steike i  ca. 35-45 minutter, eller så lang tid det tek før grønsakene er gyldne og sprø.

Skjær fisken i passande små stykker på ca. 5 cm. Ha pinjekjerner, fersk persille og sitronskal i ein stavmiksar og kjør til dei er grovmalte. Bland inn griljermjøl og ha blandinga over på eit fat. Bland saman kveitemjøl og rikeleg med salt og peppar og ha på eit nytt fat. Deretter piskar du saman egget med ein gaffel og har det på eit tredje fat. Vend fiskestykka i kveitemjølblandinga slik dei er dekt. Deretter dyppar du dei i egg og så vender du dei i pinjekjerneblandinga til fisken er dekt på alle sider. Legg dei ferdige fiskestykka på eit fat og sett til sides til steiking.

Bland saman majones, rømme, sennep, kapers, persille, paprikapulver og chiliflak i ei skål. Smak deretter til med sitron, salt og peppar.

Når grønsakene er ferdige skrur du av ovnen og lar dei stå inne slik dei held på varmen. Varm opp ei steikepanne og ha i litt olje og smør. Steik dei panerte fiskestykka i nokre få minutter på kvar side, til paneringa er sprø og gylden på farge. Flytt minst mogleg på fisken slik at paneringa held seg på plass. Fisken treng kun kort tid i panna før den er ferdig, så pass på slik du ikkje oversteiker den og får tørr fisk. Server så panert fisk saman med rotgrønsakene, remulade, salat og heimelaga ketchup. Skvis gjerne litt sitron over fisken også for litt ekstra frisk smak.

DSC_0728

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *