Pannestekt laks & lun potetsalat

[dropcap]F[/dropcap]isk er rask, enkel og sunn kvardagsmat som kan varierast i det uendelige. Har du lyst på ein fiskemiddag som er rask å lage og smakar friskt er det berre å lese vidare.

Laks er ein gjengangar når det kjem til fiskemiddag hos meg. Laks passar saman med så utruleg mykje og er mild og god på smak. Her får du oppskrifta på ein heilt enkel pannestekt laksefilet og lun potetsalat med blant anna crème fraÎche og fenikkel. Middag som er ferdig på langt under halvtimen!

[recipe-foody]Ingrediensar til pannestekt laks og lun potetsalat for 4 personar:

  • 4 x 125 g laksefilet
  • tørka persille
  • nokre dråpar sitronsaft
  • salt & peppar

Lun potetsalat:

  • 600-700 g kokefaste poteter
  • 2 dl  lettrømme/crème fraÎche
  • 4 ss majones
  • 2 ts dijonsennep
  • 4-6 ss fenikkel, i tynne skiver (bruk gjerne mandolin om du har)
  • 2 små sjalottløk, finhakka
  • 2-3 ts kapers, finhakka
  • 1-2 ss sitronsaft
  • 2 ss akasiehonning
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • ruccula/fersk spinat/grøn salatblanding

[/recipe-foody]

Skjær potetene i terningar på ca. 2 cm og kok dei i lettsalta vatn til dei akkurat er kokte og lett mjuke. Dette tek ikkje mange minutta. Medan potetene kokar blandar du saman resten av ingrediensane til potetsalaten og smakar til med salt og peppar.

Krydre laksefiletane med tørka persille, salt og peppar. Steik dei med skinnsida ned i ei panne på medium varme i ca. 3-5 minutter før du snur dei og steiker i eit par minutter til. Fisken skal fortsatt vere lett rå heilt i midten når du tek dei av panna og lar kvile eit minutt slik du får saftig fisk. Drypp nokre dråpar sitronsaft over fiskefiletane.

Når potetene er ferdigkokte heller du av vatnet og lar dei dampe av i 30 sekunder. Ha potetene over i crème fraÎche-blandinga og rør godt rundt slik alt er fint fordelt over potetene. Server fiskefiletane med grøn salat og den lune potetsalaten til. Middag i ein fei!

DSC_0576

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*