Lammecarrè med parmesan-& urtepanering

p%7aqtirrkcjta92297gw_thumb_6109

Lammecarrè er den ultimate retten å servere dersom du vil imponere middagsgjestar med eit lammekjøtmåltid. Det utruleg saftige og smakfulle kjøtet står i herleg kontrast til det sprø lòket av sennep, parmesan og urtar.

Lammecarrè er stykke frå ryggen av sauen og er kjenneteikna ved beina som stikk ut frå kjøtet. Dette gjer at det ser svært delikat ut på serveringsfatet. I tillegg gir kjøtet mykje god smak og er utruleg saftig og mørt om det blir tilberedt korrekt. Det tek i tillegg svært kort tid å tilberede og er lett å lage til mange. Saman med lammecarrè har eg servert blomkålpurè og pannestekte potet-og eplebåtar. Du kan gjerne servere måltidet med ein god saus attåt også, men retten er saftig nok i seg sjølv til at det ikkje er nødvendig.

fsz4dzsrrekpha1hvv4brw_thumb_6143

11xmllwetqmdb9qjw8ukww_thumb_6134

Ingrediensar til lammecarrè for ca. 4-6 personar:

Lammecarrè:

  • 1,2 kg lammecarrè
  • 2 ss fersk persille
  • 2 ss fersk rosmarin
  • 2 ss fersk timian
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ½-2 dl reven parmesan
  • 2 ss dijonsennep
  • salt & peppar

Blomkålpurè:

  • 1-2 blomkålhovud (alt etter størrelsen)
  • fløte
  • smør
  • salt & peppar

Pannestekte poteter & epler:

  • ca. 1 kg mandelpoteter
  • 2-3 norske epler, i båtar
  • fersk rosmarin
  • smør & olivenolje, til steiking
  • salt & peppar

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Salte og pepre lammekjøtet godt før du steiker det raskt i ei steikepanne med litt olivenolje på middels høg varme slik du får ei fin steikeskorpe på alle sider. Legg kjøtet over i ei ildfast form og pensle det med sennep. Ha alle urtane, kvitløken og reven parmesan i ein stavmiksar og kjør til du får ei finhakka blanding. Rull kjøtet i blandinga eller bruk hendene til å feste slik du dekker alle sider av kjøtet. Sett eit steiketermometer inn i den tjukkaste delen av kjøtet og sett midt i forvarma ovn. La steike til kjøtet når ein kjernetemperatur på ca. 58 ºC, dette tek ca. 20 minutt. Ta ut kjøtet og dekk med aluminiumsfolie og la kvile i ca. 10 minutt.

Medan lammekjøtet står i ovnen kan du lage tilbehøret. Ha mandelpoteter med skalet på i ein kjele og la dei koke i ca. 5 minutt. Deretter deler du opp potene i båtar. Ha ei blanding av smør og olivenolje i ei steikepanne og varm opp panna godt. Steik potetene på ganske høg varme til dei får sprø skorpe. Mot slutten av steiketida har du i eplebåtar og fersk rosmarin. La det steike vidare eit par minutt og smak til med salt og peppar. Bryt opp blomkålen i små bukettar og kok til dei er møre. Hell av kokevatnet og bruk ein stavmiksar til å kjøre til purè. Ha i fløte og smør til du får ein passe mjuk konsistens. Smak til med salt og peppar.

Når lammekjøtet har fått kvilt litt og alt tilbehøret er ferdig skjærer du små fine stykker av kjøtet ved å skjære mellom kvart bein. Server kjøtet på ei seng av blomkålpurè saman med potet-og epleblanding og nyt det saftige måltidet!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *