Pasjonsfrukt- og sitroncurd

DSC_0918

Pasjonsfrukt-og sitroncurd er syrleg, søtt og friskt og smakar av sommar. Denne fruktsmørkremen er like god på scones, i dessert, som fyll i kaker og terter, på vafler eller pannekaker, som den er spist rett frå glaset med skei.

Pasjonsfrukt elskar eg smaken av og prøvar stadig å finne nye måtar å bruke den på. Dei siste åra har eg spist min dose med pasjonsfrukt som topping på gresk yoghurt og granola, men eg får ikkje nok av denne eksotiske og litt spesielle frukta. Denne curden har eg laga før, men det har no blitt alt for lenge sidan sist. Då blei den brukt som fyll i makronar og det er også så absolutt å anbefale!

Ingrediensar til eit glas pasjonsfrukt-og sitroncurd:

  • 125 g meierismør
  • 155 g sukker
  • 4 eggeplommer
  • 1 dl pasjonsfruktsaft (om du ikkje vil ha med fruktkjøtt og frø silar du det berre, men eg synest det berre gir meir smak)
  • 1 dl sitronsaft

Ha alle ingrediensane i ein tjukkbotna kjele og la det stå på lav varme på plata, medan du heile tida rører i blandinga med ein visp. La det varme opp til det har tjukna ein god del utan at det kokar. Dette kan ta ca. 15-20 minutter. Kremen er ferdig når den dekker baksida på ein slikkepott, og vil stivne meir så snart den er kald. Hell så over i eit reint og sterilt glas og la det avkjøle seg. Oppbevar det i kjøleskap. Der held curden seg i ca. to veker.

DSC_0888

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *