Pasta Carbonara med spekepølse

SPONSA INNLEGG / REKLAME

[dropcap]P[/dropcap]asta alla Carbonara er ein italiensk pastarett som dei aller fleste har kjennskap til. Originalt er den oftast laga med spagetti, men kan også lagast med andre typar pasta. Sjølv om retten har mange ulike oppskrifter og metoder inneheld den alltid egg, pasta og parmesan.

Pastaretten består av kokt pasta som får ein krema konsistens av ei blanding med egg, parmesan og fløte som blir helt over den ferdige pastaen. Det er mange som er uenige i om retten skal innehalde fløte eller ei, men det har i alle fall eg inkludert i mi utgåve. Uansett kva smakar retten utruleg godt av enkle og gode råvarer, og går kjapt å lage. Vanlegvis er retten servert med pancetta (italiensk bacon), men eg har brukt speka pølse med sydlandske urter frå Tind, som eg var så heldig å få teste ut.

jOENJRZgQtSjtCsOsaw_thumb_6f2f

xldJazo3SHeXPmzysCj%tw_thumb_6f29

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 personar:

  • 400 g fersk pasta tagliatelle (gjerne etter oppskrift her)
  • 4 store eggeplommer
  • 1, 2 dl kremfløyte
  • 60 g parmesan, riven
  • 2 ss fersk bladpersille, finhakka
  • skalet frå 1 sitron
  • salt & pepar
  • ca. 75 g Tind spekepølse med sydlandske urter

[/recipe-foody]

Skjær opp spekepølse i terningar og steik dei gyldne og sprø i ei steikepanne. Set til sides.

Kok opp lettsalta vatn i ein stor kjele. Medan vatnet kokar opp blandar du saman eggeplommer, kremfløyte, mesteparten av parmesanen, persille og sitronskal i ein bolle. Smak til med salt og pepar. Kok pastaen i nokre få minutt til den er al dente eller etter anvisning på pakken (dersom du bruker ferdigpasta). Hell av kokevatnet og behold noko av det i eit glas. La vatnet renne godt av frå pastaen. Hell deretter egg-og fløyteblandinga over pastaen i kjelen og bland det godt saman. No vil varmen frå pastaen gjere at sausen stivner litt og blir krema i konsistens. Dersom du synest det blir for tørt kan du helle over litt av kokevatnet frå pastaen for å løyse opp litt. Bland inn den steikte spekepølsa og server pastaen med eit dryss parmesan over og nyt!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*