Pasta med squashsaus

DSC_1005

Pasta med ein krema og herleg saus laga av squash, urter og fløte og toppa med sprøstekte baconbitar er ein rett som har gått igjen her i heimen i fleire år. Pastaretten er ein enkel og smakfull favoritt som kan minne litt om ein pasta carbonara.

Om du lagar din eigen heimelaga pasta eller bruker ferdigkjøpt pasta til denne retten så er den like god. Eg brukar stort sett tagliatellepasta til denne retten, men det kan du variere etter kva du har i skapet.

Ingrediensar til pasta med squashsaus for ca. 4 personar:

Squashsaus:

  • 1 stor squash
  • 2 medium sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • ½ ts chilipulver
  • 1 grønnsaksbuljongterning (evt. 1 lite beger grønnsaksfond)
  • 2 dl vatn
  • 2 dl fløte (evt. ca. 3 dl matfløte + 1 dl vatn istaden)
  • 1 ts tørka persille
  • 1 neve fersk basilikum
  • sitronsaft
  • evt. salt & peppar
  • olivenolje

Tilbehør:

  • 100 g bacon, i strimlar
  • reven parmesanost
  • fersk basilikum
  • ca. 500 g tagliatelle

Skjær squash i terningar og grovhakk sjalottløken og kvitløksfeddet og ha i ein kjele saman med litt olivenolje og la det surre til grønsakene er blitt møre. Ha i chili, grønnsaksbuljong, vatn og fløte og la det koke opp forsiktig. La det småputre på lav varme til alt er heilt gjennomkokt. Ha i persille og fersk basilikum og kjør blandinga med ein stavmiksar til du har fått ein glatt saus. Smak deretter til med sitronsaft, salt og peppar om det trengs.

Kok pasta etter anvisning på pakken. Steik baconet i ei tørr steikepanne til det er sprøtt og gyldent og legg over på kjøkkenpapir og la fettet renne av litt. Del deretter baconet opp i små bitar. Server den nykokte pastaen med ein raus porsjon saus, sprøstekt bacon, fersk basilikum og litt reven parmesanost over.

DSC_1014

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *