Pastasalat med balsamicodressing

DSC_0138

Pastasalat er ypperlig middag eller lunsjmåltid som går raskt og lage i ein hektisk kvardag. Salaten er like god dagen derpå og er ypperleg å ta med som lunsj.

Denne salaten har gode italienske smakar og saman med ein smakfull balsamicodressing blir dette ein super rett. Bruker du fullkornspasta mettar salaten ekstra godt og blir i tillegg sunnare.

DSC_0134

Ingrediensar til pastasalat for ca. 6 personar:

Pastasalat:

  • 300 g fullkornspastaskruar (eller annan type pasta)
  • 2 medium store sjalottløk
  • 75 g soltørka tomat
  • 200 g kalamataoliven
  • 250 g cherrytomatar
  • 1 neve pinjekjerner
  • 4 ss fersk timian, finhakka
  • 75 g rucculasalat (ca. 1 pk)
  • 250 g mozzarellaost
  • 150 g serranoskinke
  • salt & peppar

Balsamicodressing:

  • 1 stort fedd kvitløk, pressa
  • 1-2 ss dijonsennep
  • 1 ss akasiehonning
  • ½ dl balsamico/balsamicoglaze
  • 2 ss fersk timian, finhakka
  • 2 dl olivenolje
  • salt & peppar

For å lage dressingen har du kvitløk, dijonsennep, akasiehonning, balsamico og timian i ein liten bolle med helletut og rører godt rundt i det. Smak til med litt salt og peppar og ha det over på ei flaske med topp. Hell så olivenoljen over i flaska med blandinga og sett på toppa. Rist så godt på flaska til alt har blanda seg.

Kok pastaen etter anvisning på pakken og skyll i kaldt vatn. Tørk så av pastaen litt og ha i ein stor bolle. Skjær sjalottløken i tynne ringar, soltørka tomat i strimlar, del oliven og cherrytomatar i to og ha det i bollen saman med pastaen. Riv mozzarellaosten og serranoskinka i bitar og ha det i pastablandinga saman med rucculasalat, pinjekjerner og fersk timian. Bland pastasalaten godt saman og krydre med litt salt og peppar på toppen.

Rist godt på dressingflaska før servering då den skiller seg litt når den har stått ei stund. Server så den smakfulle pastablandinga med dressingen og litt godt brød til.

DSC_0130

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *