Pavlova med krem, blåbær & grapefruktsaus

[dropcap]D[/dropcap]en elska pavlovakaka kjem ein ikkje utanom når det nok ein gong nærmar seg 17.mai-feiring. Denne gongen er kaka toppa med kesam-og fløtekrem, blåbær, grapefrukt og ein grapefruktsaus. Her får du både syrleg, søt og frisk smak i eitt!

Pavlovakaka er den same oppskrifta som eg har brukt tidlegare i for eksempel denne oppskrifta. Oppskrifta fungerer så godt at eg ikkje såg nokon grunn til å endre på den denne gongen heller. I kremen har eg blanda kremfløte og mager vaniljekesam, men her kan du gjerne bruke kesam med smak av lime eller anna også. Grapefruktsausen lagar du enkelt med kun få ingrediensar og så har du ein frisk og syrleg kontrast til den søte marengsen. Pynt gjerne kaka med den type frukt og bær du ønskar sjølv, men eg vil anbefale deg å prøve kombinasjonen med søte blåbær og bitter grapefrukt til den ellers så søte dessertkaka.

H45GwPHHRPy8NDL+StIjBQ_thumb_6dd2

VAzaoC4eTHuhj%J8q7tMVg_thumb_6dd6

[recipe-foody]Ingrediensar til ein stor pavlova:

Marengs:

  • 140 g eggekviter
  • 250 g sukker
  • 1 ss maizena
  • 1 ts eddik
  • ½ vaniljestang, frøa
  • 1 ss varmt vatn

Grapefruktsaus:

  • 2 store raude grapefrukter
  • 1 ss maizena + 1 ss kaldt vatn
  • 1-2 ts akasiehonning

Krem:

  • 3 dl kremfløte
  • 3 dl mager vaniljekesam/kesam med lime
  • 1 ts vaniljesukker

Topping:

  • 1 grapefrukt, i båtar
  • ca. 2 beger med blåbær

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 140 ºC.

Ha alle ingrediensane til marengsen i ein bakebolle, men sørg for å tilsette vatnet til slutt. Pisk på høg hastigheit i ca. 10 minutt, til du har ein glatt og skinnande stiv marengs. Bruk ein slikkepott og fordel marengsen utover i ein sirkel på ca. 20 cm på eit bakepapirkledd steikebrett. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 1 time og 20 minutter. Då skal marengsen ha heva litt og blitt sprø og fin. Skru av ovnen og la marengsen stå i ovnen til varmen har gått ut og den er blitt kald.

Dersom du skal bruke marengsen fyrst om nokon dagar kan du enten pakke den forsiktig inn i matpapir eller i ei tett boks og la den ligge på ein tørr plass.

For å lage grapefruktsausen presser du grapefrukta på ei sitruspresse til du har fått ut all safta. Ha safta i ein kjele og gi det eit forsiktig oppkok. La det småputre eit par minutt. Bland saman maizena og kaldt vatn og ha det over i grapefruktsafta samtidig som du rører godt rundt for å unngå at det blir klumpar. La det koke vidare til sausen har tjukna litt, 2-3 minutt. Smak til med honning og la sausen avkjøle seg heilt før bruk.

Pisk kremfløten og vaniljesukkeret til stiv krem og vend inn kesam med ein slikkepott. Fordel kremen utover marengsbotnen. Legg på grapefruktbåtar og blåbær og hell til slutt over ønska mengde med grapefruktsaus og server umiddelbart.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*