Pavlova med mascarponekrem, salt karamellsaus & friske bær

DSC_0633

Tida for konfirmasjonar og 17. mai-feiring nærmar seg og det betyr også tid for masse festkaker og dessertar. Her har eg laga ein pavlova med fyldig mascarponekrem og herleg karamellsaus og toppa det heile med masse ferske bær.

Pavlova er ei marengskake som du kan toppe med det du ønskar av krem, fersk frukt og bær og er eit flott skue på eit kakebord. I tillegg er det enkelt å lage og marengsbotnen kan du også lage på førehand slik at alt går kjapt ved servering. Marengs har eg laga mange gongar med ulike oppskrifter, men nettopp denne er kanskje den mest vellykka og enkle oppskrifta eg har prøvd. Marengsen blir sprø og luftig på utsida og får ein seig og mjuk kjerne i midten. Marengs kan ofte bli litt for søtt så sørg for å bruke masse syrlege og friske bær på toppen for å balansere det heile. Pavlova er også nydeleg å toppe med lemoncurd eller andre syrlege kremar og sausar, så her er det berre å eksperimentere.

Ingrediensar til pavlova for ca. 8-10 personar:

Marengs:

  • 140 g eggekviter
  • 250 g sukker
  • 1 ss maizena
  • 1 ts eddik
  • ½ vaniljestang, frøa
  • 1 ss varmt vatn

Mascarponekrem:

  • 250 g mascarpone
  • 3 dl kremfløte
  • 2 ss melis
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 1 sitron, skalet

Til servering:

  • salt karamellsaus (oppskrift her)
  • ferske bær/frukt etter eige ønske
  • sitronmelisse

Forvarm steikeovnen til 140 ºC.

Ha alle ingrediensane til marengsen i ein bakebolle, men sørg for å tilsette vatnet til slutt. Pisk på høg hastigheit i ca. 10 minutt, til du har ein glatt og skinnande stiv marengs. Bruk ein slikkepott og fordel marengsen utover i ein sirkel på ca. 20 cm på eit bakepapirkledd steikebrett. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 1 time og 20 minutter. Då skal marengsen ha heva litt og blitt sprø og fin. Skru av ovnen og la marengsen stå i ovnen til varmen har gått ut og den er blitt kald.

Dersom du skal bruke marengsen fyrst om nokon dagar kan du enten pakke den forsiktig inn i matpapir eller i ei tett boks og la den ligge på ein tørr plass.

For å lage mascarponekremen har du mascarpone, fløte, melis og vaniljesukker i ein bolle og piskar det fyrst forsiktig slik at det ikkje sprutar utover alt. Sett deretter opp hastigheita på kjøkkenmaskina og pisk det til ein stiv og luftig krem (men ikkje overpisk det). Riv skalet på ein sitron og ha det i kremen og vend forsiktig inn.

Fordel mascarponekremen utover på toppen av marengsen og ha på ønska mengde med karamellsaus. Topp med masse ferske bær og strø på nokre sitronmelisseblad her og der. Server umiddelbart.

DSC_0623

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *