[dropcap]N[/dropcap]o når det er juletid får eg liksom ikkje heilt nok av alle julekrydder og spesielt då smaken av peparkaker. Biscotti er sprø italienske kjeks som smakar godt å dyppe i kaffèen eller til å nytast slik dei er. Denne utgåva har fått smaken av gode peparkakekrydder og inneheld også valnøtter og eit lite hint av sjokolade på toppen.
Biscotti skal steikast i to omgongar for å tørke dei heilt ut og få skikkeleg sprø kjeks. Sjølv er eg glad i ei litt mjuk kjerne på kjeks og let dei gjerne stå litt kortare tid i ovnen enn dei egentlig skal. Kjeksa smakar godt av krydder, så det håpar eg du er glad i!
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 20 stk pepperkakebiscotti:
- 100 g smør
- 2 ½ dl sukker
- 2 egg
- 6 dl kveitemjøl
- 1 ts bakepulver
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ts kanel
- ½ ts kardemomme
- 1 ts malt nellik
- ¼ ts malt ingefær
- ¼ ts salt
- 75 g valnøtter, grovhakka
- evt. kokesjokolade (til pynt)
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 175 ºC.
Ha smør og sukker i ein bakebolle i ei kjøkkenmaskin og rør det mjukt og luftig. Tilsett egga eitt om gongen på lav hastigheit i miksaren. Sikt i alt det tørre og bland det raskt saman til du får ei kompakt og fast deig. Ha i valnøttene og bland godt saman. Kna saman deiga til eit avlangt rektangel(ca. 30 cm x 10 cm), legg den på eit bakepapirkledd steikebrett og klapp den litt flat. Sett midt inn i den forvarma ovnen og la steike i ca. 25 minutter. Ta ut brettet og la kvile i 5 minutter. Skru ned steikeovnen til 150 ºC. Skjær deretter stykker på ca. 2 cm bredde av rektangelet og legg dei med sida ned på steikebrettet igjen og sett inn i ovnen igjen i ca. 5-8 minutter slik dei blir sprø og tørkar ut litt men framleis er litt mjuke i midten. Ønsker du heilt sprø biscotti lar du dei stå i ca. 2-3 minutter ekstra slik dei er heilt gjennomstekte. Avkjøl heilt på rist. Oppbevar kjeksa i tett boks i ca. 1 vekes tid eller i frysaren om du vil dei skal vare litt lenger (om du klarer). Har du lyst kan du smelte litt sjokolade og ringle over dei avkjølte kjeksa.