Pepperkakebrownies

[dropcap]T[/dropcap]ida for pepperkaker og julesmakar er rett rundt hjørnet og ein blir nok ein gong freista til å bake. Brownies blir eg sjeldan lei og er den perfekte kaka å bake når ein vil ha noko lettvint som smakar godt av sjokolade. Denne browniekaka er klissete og seig og inneheld alle smakane som høyrer til pepperkaker.

Den ellers milde smaken frå sjokoladen i brownies får ein ekstra piff med den lett skarpe smaken frå julekrydder som gir sterk assosiasjon til pepperkaker og juletid. Sjølv synest eg det gir ein fin kontrast til kaka når det stikk litt i tunga frå all kryddersmaken, men her må du gjerne kutte litt ned på mengdene av krydder om du synest det blir litt vel i overkant. Så smak deg fram på kakerøra undervegs slik du får passe mengde krydder (så får ein i tillegg ei ekstra unnskyldning til å ete kakerøre også).

nsigh0lq82awwsep68vcw_thumb_6410

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 12 porsjonsstykker pepperkakebrownies:

  • 200 g mørk kokesjokolade (helst min. 50% kakaoinnhald)
  • 100 g smør
  • 3 egg
  • 300 g sukker
  • 150 g kveitemjøl
  • 2 ts vaniljesukker
  • 2 ts kanel
  • 1 ts malt nellik
  • 1 ts allehånde
  • ¼ ts malt ingefær
  • 1 klype svart peppar
  • 1 klype havsalt

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 175 ºC og kle ei lita ildfast form på ca. 17 cm x 23 cm (eller tilsvarande) med bakepapir.

Knekk opp sjokoladen og smelt den over lav varme i ein kjele saman med smøret. Rør litt rundt i det innimellom slik det ikkje brenn seg. Når alt er smelta fint saman kan du avkjøle det litt i nokre minutt. Pisk egg og sukker lett saman til det lysnar litt på farge (ikkje pisk til eggedosis). Hell den lett avkjølte sjokoladeblandinga over i egga og bland godt saman. Sikt i alt det tørre og bland saman til ei glatt røre. Smak deg gjerne fram på kryddermengda for å tilpasse eigen smak. Hell røra utover i den bakepapirkledde forma og sett midt i steikeovnen. La kaka steike i ca. 26-28 minutt (alt etter steikeovnen). Kaka skal vere sprø på overflata og ha stivna i sidene, men framleis vere ganske klissete i midten. Avkjøl heilt i forma og gjerne i kjøleskap til neste dag før du skjærer i den. Dryss melis på toppen og server!

rxpeml8brkryrfmazexg_thumb_6425

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*