Pepperkaker

[dropcap]D[/dropcap]ei krydra og søte små kjeksa som vi alle er så glad i. Utan pepperkaker synest eg ikkje det blir heilt jul, så då er det klart at dei må bakast og fyllast opp i kakeboksen til jul.

Eg brukar som regel å bake pepperkakene ganske så tett opp i jula, men denne gongen blei det nok litt vel seint. No er dei iallefall både baka ut og pynta og pepperkakehuset klart til å settast saman. Det å bake pepperkakene litt seint synest eg også er greit for då får ein den gode lukta som sett seg i huset under steikinga og så er det egentlig koseleg å sette seg ned å pynte pepperkaker når kvelden kjem og ein kan roe ned litt. Denne deiga blei veldig god å kjevle og jobbe med og smaken er akkurat passe krydra og søt. Er du som meg så elskar kanskje du også å ete rå pepperkakedeig, og i år var det intet unntak! Nokre av pepperkakene har eg pynta og skal henge opp som pynt på juletreet i år. Billig og personleg julepynt!

DSC_0099

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 2 kg ferdig pepperkakedeig:

  • 300 g smør
  • 4 dl sukker
  • 2 dl lys mørk sirup
  • 2 dl fløte
  • 1 ss malt ingefær
  • 2 ss malt kanel
  • 2 ts malt nellik
  • 1 ts malt peppar
  • 1 ts malt kardemomme
  • 1 ss natron
  • ca. 900 g hvetemel

[/recipe-foody]

Smelt smør, sukker og sirup i ein stor kjele over medium varme. Tilsett fløte, alt krydderet og natron og bland godt saman. Rør inn hvetemelet litt og litt til du får ei fast deig. Form til ein ball og pakk inn i plastfolie og sett i kjøleskap over natta.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Ta ut deiga og del opp i passande bitar. Strø litt hvetemel på kjøkkenbenken og kjevle ut deiga til den tjukkelsen du ønskar på pepperkakene dine (ca. 3 mm) og stikk ut pepperkaker med pepperkakeformer eller liknande. Har du også lyst på pepperkaker som pynt på juletreet så lagar du berre eit hol med eit sugerør eller liknande mot eine enden av pepperkaka før steiking, så kan du tre i eit fint silkeband og henge på treet. Steik midt i ovnen i ca. 8-10 min og avkjøl litt på brettet før du flyttar dei over på rist og avkjøler dei heilt. Oppbevar i tett boks og nyt saman med eit glas kald melk og kanskje ein koseleg julefilm!♥

DSC_0091

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*