Peppermyntekonfekt

DSC_0002

Desse nydelige konfektbitane har eg funne oppskrifta på i Skafferiets kokebok frå det flotte Skafferiet på Mjøsa. Det er fyrste gongen eg prøvar meg på desse, men definitivt ikkje siste gong. Dei består av herleg og krema mintfyll i midten og eit tynt lag mørk sjokolade på utsida. Rett og slett nydeleg!

Oppskrifta har eg fylgt så og seie heilt etter boka, noko som er uvanleg for meg. Men kvifor forandre på noko som er bra? Har du også lyst på desse søte små konfektbitane så er det både lett å lage og krever lite ingrediensar.

Ingrediensar til ca. 25-30 stk peppermyntekonfektbitar:

  • 100 g philadelphia kremost
  • 6 dl melis
  • 1 ss mjølk
  • nokre dråpar peppermynteolje
  • 200-300 g mørk kokesjokolade
  • peppermyntedrops/sukkertøystang til pynt

Rør saman kremost, melis og mjølk i ei kjøkkenmaskin til du får ei glatt og nokonlunde fast masse. Tilsett meir melis etter behov om massen er for laus. Smak til med peppermynteolje til du får passe med peppermyntesmak etter eiget ønske. Sett blandinga i frysaren til den er såpass fast at du klarer å forme små runde bollar med ei skei og sett dei på eit lite brett. Trykk dei litt flate og sett i frysaren til dei er så frosne/stive at du kan dyppe dei i smelta sjokolade utan at det renn utover. Mine stod over natta.

Smelt kokesjokoladen og bruk ein gaffel til å dyppe peppermyntebitane i sjokoladen og sett dei deretter på eit reint brett med matpapir. Strø gjerne litt hakka peppermyntedrops på toppen til pynt. Avkjøl til sjokoladen har stivna. Oppbevar konfektbitane i kjøleskap.

DSC_0008

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *