Persillerotsuppe med persillerot-og sellerirotchips

[dropcap]S[/dropcap]upper er enkel og rask mat og tar veldig lite tid å lage heilt frå botnen av. Så her kan du berre gløyme posesupper! Denne gangen har eg laga ei mild, men allikevel svært smakfull suppe på persillerot og litt sellerirot.

Rotgrønnsaker har mange bruksområder og passar til det meste, brukt i supper og stapper gir det ekstra god smak. Persillerot er ei kvit rot med lysebrune striper og kan smaksmessig minne ganske mykje om sellerirot. Suppa eg har laga her inneheld begge delar og gir eit preg av litt skarp og søtleg smak. Du treng svært få ingrediensar til denne retten og framgangsmåten er svært enkel. Server suppa enten som hovedrett med litt brød attåt eller som ein liten forrett.

[recipe-foody]Ingrediensar til persillerotsuppe for ca. 4 personar:

  • 400 g persillerot
  • 100 g sellerirot
  • 1 stor sjalottløk
  • 5 dl kyllingkraft eller grønsaksbuljong
  • 3 dl melk
  • 1 dl fløte
  • litt sitronsaft
  • salt & peppar

Garnityr:

  • sellerirot
  • persillerot
  • rapsolje el. anna nøytral olje
  • fersk gressløk
  • evt. litt sprøstekt bacon

[/recipe-foody]

Skrell persillerot, sellerirot og sjalottløk og hakk i passelege terningar. Ha i ein kasserolle saman med litt olivenolje og la det surre eit par minutter. Ha så i kraft og melk og la det koke til røttene er møre. Bruk så ein stavmiksar eller ein foodprocessor og kjør til suppa blir glatt. Ha i fløte og gi suppa eit lite oppkok igjen. Smak så til med sitronsaft, salt og peppar.

For å lage persillerot-og sellerirotchips bruker du ein mandolin eller ostehøvel og river tynne skiver av røttene. Varm opp litt nøytral steikeolje i ei djup panne. Når oljen har blitt god og varm kan du sette ned varmen litt og steike skivene til dei blir gyldne og sprø. Pass hud og fingrar, dette er varmt! Ha dei ferdigstekte skivene over på litt kjøkkenpapir og strø lett med salt.

DSC_0348

Server suppa med persillerot-og sellerirotchips, litt hakka gressløk (evt. andre ferske urter) og ringle over litt olivenolje. Ha gjerne også litt godt brød til for eit litt meir mettande måltid.

DSC_0359

Enkel, rask og sunn middag! Håper det smakar!♥

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*