Persisk safran-og kardemommekylling & couscoussalat

[dropcap]K[/dropcap]ylling med smak av Midtøsten er smakfull og annleis mat med herlege smakskombinasjonar. Her smaksatt med safran og kardemomme og litt ekstra sting frå chili og spisskummen.

Persisk eller iransk mat og mat frå Midtøsten generelt har funne veien inn på kjøkenet mitt oftare og oftare det siste året. Rettane derifrå har mange gode og aromatiske smakar og kombinasjonar og er eit spennande tilskot i den ellers så tradisjonelle kokkeleringa. Det dei er veldig flinke til i desse landa er alle dei spennande kryddera og bruken av frukt saman med dei salte rettane. Kombinasjonen salt, søtt og friskt er uslåelig.

DSC_0662

[recipe-foody]Ingrediensar til kylling og couscoussalat for 4:

  • 2 store rødløk
  • 1 heil kylling (ca. 1,3 kg)
  • 4-5 kvitløksfedd
  • 1 ss fersk reven ingefær
  • 1 ts chilipulver
  • 1 ts spisskummen
  • 10 grøne kardemommefrø
  • 2 dl gresk yoghurt
  • 1 ½ dl matfløte
  • 1 ts safrantråder
  • 1 toppa ts tomatpurè
  • 1 ss akasiehonning
  • 2 ss mandelflak
  • 1 lime
  • 2 ss fersk koriander
  • salt & peppar

Couscoussalat:

  • 2 dl couscous
  • 2 dl kokande vatn med 1 klype salt
  • 1 boks kidneybønner
  • 1 neve ferske spinatblad
  • 2 vårløk
  • 1 ts paprikapulver
  • limesaft
  • evt. granateplefrø

[/recipe-foody]

Skjær rødløk i tynne strimlar og steik i olivenolje i ei jerngryte på høg varme til løken er brun og godt steikt. Ha den så over i ein bolle og la avkjøle.

Del kyllingen i 8 delar (lårstykket delast i to og brystfilet med vinge i to) og la skinnet sitte på. Krydre kyllingen godt med salt og peppar og steik den i jerngryta i godt med olivenolje på høg varme slik den får ei fin og gylden steikeskorpe for å forsegle kjøtsafta. Knus kvitløksfedda og riv ingefær og ha det oppi med kyllingen og la det surre med. Ha så i chilipulver og spisskummen og skru ned temperaturen på lav varme. Knus kardemommefrøa i ein mortar og bland det saman med matfløten og yoghurten i ein bolle. Smak til med salt og hell blandinga over kyllingen. Legg på lokk på jerngryta og la det stå og småputre i ca. 20 minutter.

Ha den avkjølte løken i ein foodprocessor og kjør til blandinga er finkutta. Varm opp safrantrådane i ei tørr steikepanne på lav varme og smuldre dei opp med fingrane og ha det over løken. Hell så løkblandinga i kyllinggryta. Tilsett tomatpurè, akasiehonning og mandelflak og bland godt. Smak deretter til med safta frå ein lime og salt og peppar. Finhakk koriander og strø over kyllingen.

For å lage couscoussalaten heller du det kokande vatnet over couscousen i ein bolle og lar det stå i ca. 6 minutter (følg anvisning på pakken). Skjær vårløken i ringar og ha både den, spinatblad og kidneybønner saman med couscousen. Tilsett paprikapulveret og bland alt godt saman. Smak til med litt limesaft.

Server safran-og kardemommekylling med couscoussalat og eventuelt litt eksotisk frukt (som f.eks. granateple) om du vil ha noko ekstra friskt.

DSC_0634

DSC_0620

2 Kommentarar

  1. Utrolig snadder mat! Denne kommer jeg til å lage flere ganger. Hele familien var storfornøyd.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*