Pestosnurrar med fenalår

[dropcap]G[/dropcap]jærbakst med godt fyll er noko av det beste eg veit og spesielt når det inkluderer spekemat. Desse snurrane med grøn pesto og tynne skiver fenalår er nydeleg gode og perfekt tur-eller nistemat.

Fenalår er ein av mine største favorittar når det kjem til spekemat og smakar godt både aleine og i ulike matrettar. Dersom du vil kan du bytte ut fenalåret i desse snurrane med spekeskinke eller spekepølse også. Smaken er i alle fall god uansett kva du vel. Den grøne pestoen eg brukar er laga etter oppskrift i dette innlegget, men her kan du sjølvsagt bruke ferdigkjøpt pesto. Nokre av pestosnurrane toppa eg også med riven ost som smelta og blei sprø og gylden i omnen.

c1yB6nBbT5WVaHt3ToVPwA_thumb_711d

C6k70YlqTTOk+APzIjKejg_thumb_7116

[recipe-foody]Ingrediensar til 12 stk. store pestosnurrar:

Gjærdeig:

  • 4 ½ dl vatn, lunka
  • 1 ss tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 50 g olivenolje
  • 700 g kveitemjøl
  • 1 ½ ts salt
  • 1 porsjon grøn pesto (gjerne etter denne oppskrifta)
  • ca. 60-70 g fenalår i tynne skiver (ferdig oppskårne)
  • evt. riven ost

[/recipe-foody]

Ha vatn, tørrgjær og sukker i ein bolle og lat det stå i ca. 10 minutt slik gjæra begynner å skumme. Bland deretter inn olivenolje, kveitemjøl og salt og elt deiga godt i kjøkenmaskin i ca. 10 minutt. Når deiga er glatt og smidig set du den til heving til dobbel storleik, ca. 1- 1 ½ time.

Ha den ferdig heva deiga ut på kjøkenbenken og kjevle ut til eit rektangel på ca. 30 cm x 40 cm og ca. ½ cm tjukkelse. Smør utover pestoen i eit jamnt lag. Eg brukte nesten all pestoen frå den heimelaga oppskrifta, men tok vare på litt til etter steiking. Til slutt legg du fenalårskivene utover heile rektangelet. Du kan også kutte dei opp i litt mindre bitar dersom du vil. Brett ein tredjedel av deiga inn mot midten frå kortsida. Deretter brettar du den siste delen inn mot midten og oppå der igjen, slik du får tre lag med deig og alt fyllet på innsida. Kjevle deretter rektangelet ut slik det er på ca. 1 cm tjukkelse. Del deiga opp i ca. 12 stk. lange tynne remser på 2 cm breidde. Snurr kvar remse rundt seg sjølv og deretter knyter du ein knute eller snurr på same måte som når du lagar kanelsnurrar. Legg på steikebrett med bakepapir og lat etterheve i ca. 45 minutt.

Forvarm steikeomnen til 225 ºC. Strø riven ost på snurrane dersom du ønskjer det. Set midt i omnen og lat steike i ca. 15 minutt, til dei er gyldne på toppen. Avkjøl på rist. Pensle gjerne dei ferdig steikte pestosnurrane med litt ekstra pesto etter steiking dersom du ønskjer enda meir smak.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*