Pistasjkake

DSC_0510

Pistasjnøtter er ein av mine store favorittar når det kjem til både snacks, iskremsmak og som tilsetning i diverse dessertar og bakverk. Her får du pistasjnøtt i form av ei festkake!

Denne kaka har blitt laga før også, men utan at resultatet blei heilt slik eg ville ha det. No har eit par justeringar blitt gjort og eg kan seie meg fornøgd nok med resultatet. Kaka har ein nøttebotn med salte peanøtter og pistasjnøtter, ein fløyelsmjuk pistasjmousse og eit lag med lys sjokoladeglasur og knasande karamelliserte pistasjnøtter til pynt. Ein real fest i munnen!

DSC_0485

Ingrediensar til pistasjkake for ca. 8 personar:

Nøttebunn:

  • 4 eggekviter
  • 150 g melis
  • 120 g salte peanøtter
  • 80 g pistasjnøtter
  • ½ ts bakepulver

Pistasjkrem:

  • 3 gelatinplater
  • 150 g pistasjpaste (oppskrift her)
  • 100 g melis
  • 250 g philadelphiaost
  • sitronsaft
  • nokre dråpar grøn gelèfarge (valgfritt, eg brukar Cacas sine)
  • ei klype salt
  • 2 ½ dl fløte

Glasur:

  • 200 g lys kokesjokolade av god kvalitet
  • 1 ½ dl + ¼ dl fløte
  • 50 g sukker
  • 25 g glukosesirup

Pynt:

  • 80 g demerarasukker
  • 50 g pistasjnøtter

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Ha pistasjnøttene og peanøttene i ein foodprocessor og kjør til ei grovmalt blanding. Pisk så eggekvitene stive medan du har i melis litt og litt underveis. Når marengsen er stiv vender du inn dei grovmalte nøttene og bakepulveret. Ha så over i ei ca. 22 cm springform med bakepapir i botnen. Steik nøttebotnen midt i ovnen i ca. 45-50 min. Avkjøl i forma.

Lag så pistasjkremen. Legg gelatinen i bløt i kaldt vatn. Ha philadelphiaost, pistasjpaste og melis i ein bolle og rør godt til du får ein glatt krem. Smak til med sitronsaft og litt salt og tilsett gelèfarge om du ønskar ein frisk og klar grøntone på kaka. Klem vatnet ut av gelatinen og smelt den over vannbad. Ha så gelatinen over i pistasjkremen og bland saman. Pisk fløten til krem i ein bolle og ha så ¼ av kremen over i pistasjkremen og rør godt rundt. Vend så inn resten av fløtekremen i pistasjblandinga utan at du slår ut all lufta.

Skjær rundt kanten av springforma på den avkjølte nøttebotnen slik at kaka løsnar frå kanten. Hell over pistasjkremen og jamn godt utover slik den får ei flat og fin overflate. Sett til avkjøling i kjøleskapet til den stivnar. Før glasering av kaka sett du kaka i frysaren i ca. 2-3 timar slik den blir lettare å glasere.

For å lage sjokoladeglasuren smeltar du kokesjokoladen over vannbad på lav varme. Kok opp 1 ½ dl fløte, sukkeret og glukosesirupen i ein kjele. Så snart det begynner å boble tek du det av varmen og heller den varme fløten i ein tynn stråle ned i sjokoladen medan du rører rundt med ein slikkepott slik at du lagar ein emulsjon. Når alt er godt blanda saman heller du ¼ dl kald fløte inn i glasuren og blandar forsiktig, slik at du får ein glatt og glansfull glasur. Når sjokoladen måler ca. 40 ºC er den klar til glasering.

Ta ut pistasjkaka frå frysaren og skjær rundt kanten på springforma for å løsne kaka frå ringen. Sett kaka på ei rist med eit brett under og la springformbotnen fortsatt sitte under kaka slik at det er lettare å flytte kaka etterpå. Hell sjokoladeglasuren rundt kanten langs heile kaka slik det renn  nedover på sidene og avslutt med å helle resten av glasuren over midten av kaka. Bruk ein spatel eller glatt steikespade til å forsiktig glatte over kaka på overflata slik at du får eit jamnt lag med glasur på toppen og det renn fint nedover sidene. La glasuren stivne litt før du flyttar kaka over på serveringsfat. Sett kaka i kjøleskapet til glasuren nesten har stivna til. Du vil sitte igjen med ekstra sjokoladeglasur til overs, men den kan du fryse ned og bruke seinare eller også bruke som fyll i makronar eller liknande.

Smelt demerarasukker i ei tørr steikepanne på lav temperatur til alt er smelta og ha i pistasjnøttene. Rør rundt til alle nøttene er dekte av karamell. Hell over på matpapir og avkjøl.

Når nøttene er avkjølte hakkar du dei opp med ein skarp kniv. Pynt kaka med dei opphakka karamelliserte nøttene ved å bruke ein flat kniv til å trykke nøttene lett inntil kanten på kaka slik dei festar seg i den fortsatt lett klissete glasuren.

DSC_0522

Då gjenstår det å finne fram kaffe og kakespade og sette tennene i ei nydeleg kake!

2 comments

  1. Jeg skal til å lage denne kaken nå, men er litt skeptisk i forhold til de salte peanøttene. Merker man en saltsmak i kaken når man spiser den? Fin kake forresten

    1. Hei! Dei salte peanøttene vil du nok merke litt av, men det er også poenget. Det blir litt som med snickerskake om du likar det 😊 kaka er iallefall supergod! Lykke til med baking 😊

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *