Pita med lammeskav, kantarell & tyttebær

gVR1Sxi%RverU0f3caeaXg_thumb_715f

Dette er rett og slett ein nordisk variant av kebab, og er fylt med gode norske smakar som lam, purre, sopp og tyttebær. Dersom du er på jakt etter noko skikkeleg snadder til middagskosen er dette noko å prøve i helga.

Denne retten ropar haust med sine gode norske råvarer som harmonerer nydeleg saman. Feitt frå lammekjøtet gjer at lammeskaven får sprø og gylden steikeskorpe når du steiker den på høg varme. Med god smak frå timian, rosmarin og kvitløk gjer dette seg saman med smakfull kantarell og bittersøtt tyttebærsyltetøy. Retten er servert i mjuke og heimelaga pitabrød etter denne oppskrifta.

u47ye3fTRsq+KiP3CWRfkQ_thumb_7163

lGU9ulCAR760mEeKikq7ZQ_thumb_715e

Ingrediensar til ca. 4 personar:

  • 400 g lammeskav
  • 200 g kantarell (evt. annan type sopp)
  • 1 fedd kvitløk, finhakka
  • ca. 1 ts tørka timian
  • ca. 1 ts tørka rosmarin
  • salt & pepar
  • smør, til steiking
  • ¼ purreløk

Til servering:

  • 4 stk. pitabrød (gjerne etter denne oppskrifta)
  • lettrømme
  • tyttebærsyltetøy
  • fersk timian

Varm opp ei steikepanne og legg i kantarellen. Lat den steike på middels høg varme til den slepp ein del væske. Ha i litt smør og krydre med litt salt og pepar. Legg til sides. Ha ein klatt smør i panna og steik lammeskav på høg varme til den blir gylden på farge og får steikeskorpe. Skru ned varmen litt og ha i kvitløk og kantarellen. Krydre med rosmarin og timian. Smak til med salt og pepar. Skjær opp purre i ringar på ca. 1 cm og ha i panna. Lat det steike med i nokre minutt ekstra.

Varm opp pitabrød i mikro eller steikeomn. Server lune pitabrød fylt med kjøt-og soppblandinga, tyttebærsyltetøy, rømme og gjerne litt fersk timian. Nyt!

FeiNoLk4SwabkbWUNoQghg_thumb_715b

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *